Didim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Didim
by
Tempel for Apollo i Didim, det antikke Didyma
Land  Tyrkia
Region Egearregionen
Distrikt Aydın
Koordinatar 37°22′32″N 27°16′04″E / 37.3756°N 27.2678°E / 37.3756; 27.2678
Høgd 29 m
Areal 402 km²
Folketal 43 474
Borgarmeister Mümin Kamacı
Postnummer 09
Retningsnummer 256
Kart
Didim
37°22′37″N 27°16′01″E / 37.3769167°N 27.2668129°E / 37.3769167; 27.2668129
Wikimedia Commons: Didim

Didim er ein liten by ved Egearhavet vest i Tyrkia, 123 km frå byen Aydin i provinsen Aydın. I Didim låg den joniske heilagdomen Didyma i antikken.

Innanfor grensene til distriktet Didim finst òg Altinkum, ein raskt veksande feriestad ved den tyrkiske kysten av Egearhavet, som ligg mellom byane Izmir (tidlegare greske Smyrna) og feriestaden Bodrum, rundt 90 minuttar køyretur kvar veg.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Didim er lokalisert på nordkysten av bukta Güllük, motsett av halvøya Bodrum. Distriktet består av Didim sjølv, ein kystby med 26 000 innbyggjarar og fleire mindre byar rundt, inkludert nemnde Altınkum (som tyder «gyllen sand»), Gümüşkum («sølvsand») og Sarıkum («gul sand»).

Turisme er hovudaktiviteten og den største inntektskjelda for området, særleg om somrane, men jordbruk er òg eit viktig bidrag, hovudavlinga er kveite og bomull. Tamdyr, særleg sauer og geiter, blir ala hovudsakleg for lokalt forbruk.

Didim er inndelt i følgjande område:

  • Altinkum Didim Emlak — vest
  • Yalıköy — vest
  • Mavişehir — vest
  • Mersindere — vest
  • Cumhuriyet — sentral
  • Efeler — sentral
  • Yenimahalle — sentral
  • Çamlık — sør; den tredje stranda, hovudstranda og D-Marin Didim (den nye marinaen)
  • Altınkum — sør; hovudstranda og den andre stranda
  • Fevzipaşa — sør; ein planlagd golfbane skal byggjast her[1]
  • Yeşilkent — sør/aust

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjå artikkelen om Didyma for informasjon om den antikke byen ved staden.

Området vart busett i neolittisk tid, deretter etablert som ein koloni av Kreta og sidan Mykene på 1500-talet f.Kr og til sist besett av Lykia, Persia, Selevkideriket, Romarriket og Austromarriket (Det bysantinske riket) der det var ein del av provinsen Karia. Området kom i hendene på muslimske tyrkarar etter at Austroaerriket tapte slaget ved Manzikert i 1086, men byen vart frigjort av bysantinarane i 1098, erobra av Menteşe i 1280 og av aydinidane i 1300. Didim kom inn under Det osmanske riket ved Mehmet I i 1413 og gjekk vidare til Tyrkia ved oppløysinga til dette riket tidleg på 1920-talet.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Didim har namnet sitt frå Didyma i antikken, og det arkeologiske området for Didyma ligg nær den moderne byen. Under Det osmanske riket var byen kjent som Yoranda eller Yoran, og under Tyrkia vart han kalla for Hisar (som tyder festning eller borg) og etter at byen vart øydelagt ved eit jordskjelv i 1955 vart det ombygd og gjeve nytt namn, Yenihisar (nyborga). Byen var ein del av distriktet Söke fram til 1991. Området vart distriktet Yenihisar og vart i 1997 gjeve namnet Didim, knytt til den antikke greske byen, og for å skilje det frå andre stader i Tyrkia kalla Yenihisar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Didim (Aydin) har eit middelhavsklima som består av varme, lange og tørre somrar med ein gjennomsnittleg temperatur på 34 °C på dagtid. Vintrane er kjølige og regnfylte med dagleg temperatur på 14 °C (57°F).

Vêrdata for Fethiye
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 13,4 14,6 18,1 22,4 28,4 33,5 36,1 35,5 31,9 26,3 19,5 14,4 24,5
Gjennomsnittleg min °C 4,2 4,8 6,8 10,1 14,1 18,1 20,4 20,1 16,5 12,7 8,4 5,5 11,8
Gjennomsnittleg nedbør mm 99,5 93 70,7 53,7 33,2 15,7 8,9 5,7 15,5 45,4 85,9 111,3 638,5
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [2]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Denne delen av den tyrkiske kysten har vorte ein særs populær feriestad og er generelt attraktiv grunna sine lange sandstrender, klårt blått vatn, antikke ruinar, og sitt eige mikroklima som har fleire hundre dagar med sol i året og varme vintrar. Sistnemnde tyder at vitjande òg kan opphalde seg utandørs sjølv i januar. Kanskje dei mest attraktive buktene er dei meir stille lengre unna sentrumet av byen, slik som Haydar, som ein kjem til via ein uasfaltert veg rundt kysten av Akbük («den kvite bukta»).

Nye moderne vegar har ført til lettare tilgjenge til flyplassane ved Bodrum og İzmir.

På 1980-talet byrja folk frå dei større byane i Tyrkia, særleg Ankara, å byggje ferieheimar i området. Mange av desse vart bygd som kooperative husprosjekt med private strender. Attraksjonen til Didim har auka ved at eit mengd familiar i Ankara har no kome til feriestaden for to eller fleire generasjonar, og sjølv i dag finst det mange bilar med bilskilt for Ankara (06) i Didim i sommartida. Eigendomsprisane har auka dramatisk og byggeboomen fortsette då utanlandske kjøparar, særleg tyrkarar i Europa, etablerte seg. Veksten til Didim på 1980-talet vart forsterka på 1990-talet med bygging av hotell for å ta imot turistar, særleg frå Storbritannia, men òg frå Tyrkia sjølv, for billigturar. Sidan rundt 2001 har britar byrja å kjøpe ferieheimar i Didim og etablert seg sjølv som eit synleg samfunn med britiske flagg, barar og ein del britisk skilt.[3] Òg skandinavar har kome i store mengder.

Byen Didim har hotell, ein vekentleg marknad, eit eventyrbad (waterpark) og det antikke tempelet til Apollon i nærleiken. Didem ligg òg nært ei rekkje andre antikke byar og attraksjonar i naturen: Innsjøen Bafas naturpark er rett ved, saman med elva Menderes og dei historiske stadene Miletosar og Priene, begge antikke greske byar. Det er òg mange diskotek, mindre barar og klubbar i byen, ein del med levande musikk, hovudsakleg Türkü (tyrkisk folkemusikk), men Didim er hovudsakleg ein stille stad for familieturistar. Turistar som ynskjer meir støyande nattliv vil finne større høve i Bodrum.

D-Marin Didim, ein ny marina til rundt 50 millionar dollar, vart bygd av Doğuş-gruppa og kom i gang i 2009 med kaiplass for båtar og skip på 8 til 50 meter, ein skipsheis på 400 tonn, tørrdokker, hangarar, yachtklubb, butikkar og restaurantar. Den nye marinaen er trudd å føre til fleire turistar og auka eigedomsprisar i området.[4]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Didim er vennskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Didim