Didrik Cappelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Didrik Cappelen. Illustrasjon i Skilling-Magazin 1891

Didrik Cappelen (29. september 183617. juli 1914) var ein norsk godseigar, forretningsmann og Høgre-politikar frå Skien. Han var stortingsmann i 1883-85. Eidsvollmannen Didrich von Cappelen var farfar hans.

Far til Cappelen, som var stor forretningsmann i Skien og områda i kring, døydde då sonen var ti år gammal. 18 år gammal gjekk han inn i styringa av familiefirmaet, etter å ha fått handelsutdanning utanlands. I 1861 tok han over leiinga av verksemdene etter mor si, frå 1874 i fellesskap med den yngre broren Hans. Han var formann i Skiensvassdragets fløtningsforening i 37 år frå ho vart oppretta, også formann i Skiens brugseierforening, i Solum sparebank, seinare Skien sparebank og styreformann 1880-90 i Noregs Bank si avdeling i Skien.

Dei to brørne eigde og dreiv famileiføretaket fram til i kring 1895. Godset Gimsøy kloster og forretningsverksemda bestod av ein herregard i Skien, sagbruk, trelasthandel, jord og skog i Solum og Øvre Telemark, og eit reiarlag. Brørne gjorde i 1880-90-åra fleire store, mislukka investeringar i industriverksemd i Skien og Grenland. Eigedommane vart i åra etter seld unna, mellom anna kjøpte den norske staten skogane i Tinn. Heile verksemda vart avslutta med ein privat akkord.

Cappelen budde på Kloster i Solum frå 1862 til 1882. Han flytta då til herregarden Gjemsø kloster. Denne brann ned i 1885. Cappelen flytta sidan tilbake til Klosterøya, budde så i Tinn i Telemark og seinare på garden Løberg i Gjerpen.

Cappelen var ordførar i Skien i 17 år. Perioden 1883-85 hadde han sete på Stortinget som representant for Skien. Han var medlem av tollkomitéen. Etter partidanningane i 1884 vart med i Høgre si gruppe. 1874 var han medlem av skoglovskommisjonen han var medlem av den store jarnbanekommisjonen.

Han vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

Cappelen døydde i Gjerpen i 1914.

Kjelder [endre]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff [endre]