Die Entführung aus dem Serail

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Die Entführung aus dem Serail
K. 174
Opera av Wolfgang Amadeus Mozart
Sjanger Opera
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1782
Typisk lengd 114:06
Satsar 25 (Akt 3)
Libretto av Christoph Friedrich Bretzner

Die Entführung aus dem Serail (K. 384; Bortføringa frå Seraglio; òg kjend som Il Seraglio) er ein opera eller syngespel i tre akter av Wolfgang Amadeus Mozart. Den tyske librettoen er av Christoph Friedrich Bretzner med tilpassingar av Gottlieb Stephanie. Handlinga omhandlar eit forsøk av helten Belmonte, med hjelp av tenaren sin Pedrillo, på å redde kjærasten Konstanze frå seraglioen til Pasja Selim.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Selskapet som først betalte for operaen var Nationalsingspiel, eit prosjekt under den austerrikske keisaren Josef II. Keisaren hadde sett opp selskapet for å framføre verk på tysk (italienske operaer var alt populære i Wien). Dette prosjektet vart etter kvart lagt ned, men produserte undervegs fleire suksessrike verk.[1]

Då den 25 år gamle Mozart kom til Wien for å søke arbeid, var noko det første han gjorde å prøve å verte kjend med inspektøren i Nationalsingspiel, Gottlieb Stephanie,[2] for å få ei bestilling på ein opera hos han.

Mozart fekk librettoen frå Stephanie den 29. juli 1781. Han hadde hatt få høve til å komponere gjennom sommaren og sette i gang arbeidet med operaen i eit høgt tempo og gjorde ferdig tre store nummber på berre to dagar. Komponeringa tok etter kvart fleire månader og premieren fann stad den 16. juli 1782 ved Burgtheater i Wien.

Operaen vart ein stor suksess, og dei to første framsyningane førte inn den store summen på 1200 florinar, tre gonger det Mozart hadde fått for den gamle jobben sin i Salzburg.[3] Verket vart framført fleire gonger i Wien i levetida til Mozart og gjennom det tysktalande Europa. Sjølv om Mozart fekk eit godt rykte i Wien etter operaen gjorde det han ikkje rik, sidan han ikkje fekk honorar frå seinare framsyningar.[4]

Operaen nådde Paris i november 1801. Operaen vert framleis mykje spelt i dag og det finst over 50 innspelingar av operaen.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Stemme Premierebesetning, 16. juli 1782
(Dirigent: Wolfgang Amadeus Mozart)
Belmonte, ein spansk adelsmann tenor Valentin Adamberger
Konstanze, trulova med Belmonte sopran Caterina Cavalieri
Blonde, Konstanze sin engelske hushjelp sopran Theresia Teyber
Pedrillo, Belmonte sin tenar tenor Johann Ernst Dauer
Osmin, oppsynsmann for pasjaen bass Ludwig Fischer
Selim Bassa, Pasjaen talt rolle Dominik Jautz
Klaas talt rolle
Janitsjarkoret

Instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Songarane syng med eit klassisk orkester, i lag med instrumenta ein trong for «tyrkisk» musikk: basstromme, cymbalar, triangel og piccolo. Utan om desse bestod orkesteret av par av fløyter, oboar, klarinettar, fagottar, valthorn, trompetar, to sett med pauker og strykarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Die Entführung aus dem Serail» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2012.
  • Abert, Hermann (2007) W. A. Mozart, trans. Stewart Spencer. New Haven: Yale University Press. ISBN 0300072236. [This is a recent edition of a much older work.]
  • Beales, Derek (2006) "Joseph II, Joseph(in)ism," in Cliff Eisen and Simon P. Keefe, eds., The Cambridge Mozart Encyclopedia. Cambridge: Cambridge University Press, pp. 232–239.
  • Bernard, Andre, and Clifton Fadiman (2000) Bartlett's Book of Anecdotes. Boston: Little, Brown. p. 339.
  • Branscombe, Peter (2006) "Die Entführung aus dem Serail," in Cliff Eisen and Simon P. Keefe, eds., The Cambridge Mozart Encyclopedia. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Braunbehrens, Volkmar (1990) Mozart in Vienna, 1781–1791. Translated by Timothy Bell. New York: Grove Weidenfeld.
  • Deutsch, Otto Erich (1965) Mozart: A Documentary Biography. Stanford, CA: Stanford University Press.
  • Manning, Elizabeth (1982) "Mozart's Entführung: An Anniversary", The Musical Times, Vol. 123, No. 1673, Early Music Issue. (Jul., 1982), pp. 473–474.
  • Melitz, Leo, The Opera Goer's Complete Guide, 1921 version. (Synopsis adapted from this source)
  • Osterhammel, Jürgen. Die Entzauberung Asiens: Europa und die asiatischen Reiche im 18. Jahrhundert. München: C. H. Beck, 1998, ISBN 340644203X, ISBN 9783406442032
  • Rosen, Charles (1997) The Classical Style: Haydn, Mozart, Beethoven, New York: Norton.
  • Rushton, Julian, New Grove Dictionary of Music and Musicians
  1. Manning 1982
  2. Abert 2007, 620
  3. Deutsch 1965, 201
  4. Deutsch 1965, 202

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Die Entführung aus dem Serail