Die Gedanken sind frei
«Die Gedanken sind frei» er ein tysk song om tankefridom. Teksten og melodien finn ein i Lieder der Brienzer Mädchen, trykt i Bern mellom 1810 og 1820. Den originale teksten og forfattaren er ukjend, men den mest populære versjonen Aus Neukirch bei Schönau (Nowy Kościół) var skriven av Hoffmann von Fallersleben i hans visesamling Schlesische Volkslieder mit Melodien frå 1842.
Dei tre fyrste strofene av songen vart gjendikta til norsk av Alf Cranner i 1985.
Innhaldsliste |
[endre] Bakgrunn
Ideen som det er vist til i tittelen - at tankar er frie - var uttrykk so tidleg som i antikken[1] og vart igjen framståande i mellomalderen når Walther von der Vogelweide (c.1170-1230) skreiv: joch sint iedoch gedanke frî («skjønt framleis er tankar frie»)[2]. På 1100-talet skreiv (antaglegvis) den austerrikske minnesongaren Dietmar von Aist songen Gedanke die sint ledic vrî ("kun tankar er frie"). Og rundt 1229, skreiv Freidank: diu bant mac nieman vinden, diu mîne gedanke binden. («ingen kan tvinna eit band som kan mine tankar binde»)[3].
Teksten, slik den opphavleg førekom på løpesetlar rundt 1780 hadde opphavleg fire strofer. Ei femte vart lagt til seinare. I dag kan rekkefylgja variere. Ein tidlig versjon som var forma som ei samtale mellom ein fange og hans kjære finnast under tittelen Lied des Verfolgten im Thurm. Nach Schweizerliedern («Songen til dei forfylgde i tårnet. Etter sveitsiske songar») i Achim von Arnim og Clemens Brentano si diktsamling Des Knaben Wunderhorn, Vol. III. Gustav Mahler komponerte eit nytt arrangement til denne versjonen i hans Lieder aus «Des Knaben Wunderhorn» frå 1898.
[endre] Tekst
|
Die Gedanken sind frei, wer kann sie erraten, |
Din tanke er fri, hvem tror du den finner. |
|
Ich denke was ich will und was mich beglücket, |
Jeg tenker hva jeg vil, mitt ønske bestemmer. |
|
Und sperrt man mich ein im finsteren Kerker, |
Og tvinges vi inn bak jernslåtte dører, |
|
Drum will ich auf immer den Sorgen absagen |
|
|
Ich liebe den Wein, mein Mädchen vor allen, |
[endre] Bruk
På 1800-talet var Die Gedanken sind frei ein populær protestsong mot politisk undertrykking og sensur, særleg blant dei forbodne Burschenschaft studentforeiningane. Under etterspelet etter den tyske revolusjonen i 1848 og i nazi-tyskland var songen forboden. Den var viktig for den tyske motstandsrørsla Den kvite rose.[4]
I samband med Hitlers 46 års dag beordra fangevaktarane i konsentrasjonsleiren Lichtenburg fangane til å arrangere ei førestilling. I det høvet siterte Hans Litten Die Gedanken sind frei.[5] I ein liknande motstandsaksjon spelte Sophie Scholl songen på fløyte utanfor muren til fengselet i Ulm der hennar far Robert var innesperra for å ha kalla Adolf Hitler for «Guds svepe.»
Pete Seeger spelte inn songen på hans album Dangerous Songs!? frå 1966. Den norske låtskrivaren Alf Cranner gjendikta og spelte inn Din tanke er fri i 1985. Deler av diktet var og brukt som grunnlag for ein song på albumet Brazilian Girls av gruppa med same namnet frå 2005
Die Gedanken sind frei var brukt som kjenningsmelodi og vart sunge av de allierte krigsfangane i TV filmen The Birdmen frå 1971, som var ei oppdiktet dramatisering av et forsøk på å flykte frå den tyske fangeleiren Oflag IV-C i Colditz slott under andre verdskrig. Den var også med i den tyske filmen 23 om hackaren Karl Koch.
I boka From Anna av den kanadiske forfattaren Jean Little vart songen brukt for å repsesentere fridomen til som faren til bokas hovudperson Anna søkjer for barna hans, og på den måten gjer den seg gjeldande i plottet i byrjinga av boka.
Sangen vert no også brukt som ei viktig partihymne til det tyske Piratpartiet.
[endre] Sitat
- ↑ Cicero: Liberae sunt (...) nostrae cogitationes, («Frie er våre tankar») Pro Milone, XXIX. 79., 52 BC
- ↑ Der keiser als spileman.
- ↑ Bescheidenheit, 38. Von Erkantnisse.
- ↑ Melon, Ruth Bernadette. Journey to the White Rose in Germany. Dog Ear Publishing, 2007. ISBN 1-598-58249-6. p. 122.
- ↑ Jon Kelly (19 August 2011). "Hans Litten: The man who annoyed Adolf Hitler". BBC News.