Die Linke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Logoen til Die Linke

Die Linke er eit politisk parti i Tyskland. Det byggjer på demokratisk sosialisme, og står til venstre for dei andre partia som er representerte i den tyske Forbundsdagen.

Ifølgje offisielle tal frå partiet sjølv, har Die Linke 76 139 registrerte medlemmer per 30. september 2008. Parlamentsfraksjonen til partiet har 54 medlemmer, noko som gjer Die Linke til det fjerde største i Forbundsdagen. På dei siste meiningsmålingane (2008) er partiet det tredje mest populære i Tyskland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Partei des Demokratischen Sozialismus (PDS) var eit sosialistisk politisk parti i Tyskland, som juridisk sett var etterfølgjaren etter Sozialistische Einheitspartei Deutschlands (SED), det statsberande kommunistpartiet i det tidlegare DDR.

Den demokratiske grasrotrørsla som tvinga statssjefen Erich Honecker til å gå av i 1989 gav også kraft til ein yngre generasjon av reformpolitikarar i SED som såg Mikhail Gorbatsjov sin glasnost og perestrojka i Sovjetunionen som ein modell for politisk endring. Reformpolitikarar frå lågare sjikt i partiet, som forfattarane Stefan Heym og Christa Wolf og menneskerettsadvokaten Gregor Gysi, steig opp og tok leiinga, og ved utgangen av 1989 hadde dei siste av gamlesorten i sentralkomiteen trekt seg.

Det blei vedtatt å gi partiet eit nytt namn, Partei des Demokratischen Sozialismus, for å distansere seg frå den autoritære kommunistiske fortida. Frå førstninga av 1990 var partiet ikkje lenger eit «marxistisk-leninistisk» parti, sjølv om det framleis fanst ein mindretalsfraksjon i partiet som kalla seg kommunistisk.

Den 17. juli 2005 endra partiet namn til Die Linkspartei i samband med etablering av felleslister med den i hovudsak vest-tyske grupperinga WASG. Den 16. juni 2007 skjedde den formelle samlinga av PDS og WASG til eitt parti, og Die Linke vart det nye partiet sitt namn. Blant dei mest kjende av leiarane i partiet er Gregor Gysi og den tidlegare SPD-toppolitikaren Oskar Lafontaine.

Oppslutning[endre | endre wikiteksten]

I den første alltyske valet etter sameininga, i 1990, fekk PDS berre 2,4 % av stemmene i landet under eitt, men om lag 10 % i det tidlegare DDR. I 1994 fekk det 4,4%, i 1998 5,1% totalt. Men partiet var svært avhengig av den populære Gregor Gysi, og etter at han gjekk av som leiar i 2000, fekk partiet eit tilbakeslag. Ved valet i 2002 gjekk stemmeprosenten tilbake til 4,3 og dei kom under sperregrensa og fekk berre to direktevalde representantar i Riksdagen, Petra Pau og Gesine Lötzsch. Etter dette har PDS vedtatt eit nytt program og sett inn Lothar Bisky, ein nær alliert av Gysi, som leiar. I valet til EU-parlamentet i 2004 fekk PDS 6,1 % av stemmene totalt, det beste resultatet til da i eit alltysk val.

I det tidlegare DDR er Die Linke nest største parti etter kristelegdemokratane CDU. Men det har lågare oppslutning i dei vestlege delstatane, og dette er eit generelt problem for partiet, som ønskjer å vere eit alltysk venstreparti.

Die Linke er regjeringspartner med det tyske sosialdemokratiske partiet (SPD) i to delstatar, Mecklenburg-Vorpommern og Berlin. Dette har ført til noko slitasje, men samtidig til at partiet sitt ry som pragmatisk har blitt styrkt. Det står sterkt i lokalstyret i det tidlegare DDR, der dei har 6 500 bystyremedlemmer og 64 ordførarar. Partiet sin ungdomsorganisasjon heiter solid – die sozialistische Jugend. Die Linke var ein av grunnleggjarane av Det europeiske venstrepartiet EL.

Partiet gjekk mykje fram ved valet til forbundsdagen i 2009, fekk 11,9 prosent av stemmene og har 76 representantar i nasjonalforsamlinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mellom anna den engelskspråklege wikipediaen, som lesen 16. november 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Die Linke