Diego Velázquez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diego Velázquez

Sjølvportrett, ca. 1650
Statsborgarskap Spania
Fødd 6. juni 1599
Sevilla
Død

6. august 1660 (61 år)
Madrid

Yrke kunstmålar, kunstnar
Sjanger portrettmåleri, mytologisk maleri, historiemåleri, religiøst maleri, portrett, arkitekturmaleri, sjangerkunst, landskapsmåleri, akt, figure, dyrekunst, religiøs kunst, stilleben
Far João Rodrigues da Silva
Mor Jerónima Velázquez
Ektefelle Juana Pacheco
Born Francisca de Silva Velázquez y Pacheco
Diego Velázquez på Commons

Diego Rodríguez de Silva y Velázquez (6. juni 15996. august 1660) var ein spansk kunstmålar. Han var hoffmålar hos kong Filip IV av Spania. Velázquez er ein av dei fremste målarane i Spanias historie, og har vorte ståande som den største, spanske barokk-målaren.

Læreår[endre | endre wikiteksten]

'Kong Filip IV', 1631/32
'Gammal kvinne steiker egg', 1618

Velázquez vart fødd 1599 i Sevilla i Andalusia i det sørlege Spania. Han var den eldste av sju brør. Faren Juan Rodriguez de Silva var advokat, og son av jødar innvandra frå Portugal. Familien var så kalla conversos, folk med jødisk bakgrunn som hadde vorte kristne.

Velázquez sine foreldre lærde han gudsfrykt og han fekk utdanning i språk og filosofi for å førebu han til eit lærdomsyrke. Velázquez viste tidleg talent for måleri og allereie ved 10 års alder byrja han gå i lære hos ein kjend målar i dåtidas Sevilla, Francisco Herrera. Eitt år var han Herrrera, og truleg lærde Velázquez å nytte penslar med lange strå av nettopp denne.

Ved 11 års-alderen byrja han som elev hos Francisco Pacheco i Sevilla. Hos Pacheco var han i fem år og studerte proporsjon, perspektiv og opplevde trendar innan litteratur- og målerisirklar i Sevilla. 1617 fekk han sitt meisterbrev. Eksaminatørane kravde at Velázquez skulle ha løyve til å arbeide som målar i heile Spania, ikkje berre lokalt, slik brukvisa var. Året etter gifta han seg med læraren si dotter, Juana Pacheco, og fekk to døtrer med henne.

'Smia til Vulcanus', 1630

Til Madrid[endre | endre wikiteksten]

Velázquez reiste til Madrid i byrjinga av april 1622. Med seg hadde han eit introduksjonsbrev til Juan de Fonseca, som var kapellan hos kongen. Fonseca mislukkast i å få Velázquez til å måle eit medlem av kongefamilien. På oppdrag for Pacheco måla Velázquez i staden eit portrett av poeten Luis de Góngora. Måleri fekk stor merksemd i Madrid og gjorde den unge Velázquez kjend for dei høgre stendene. Måleriet vart likevel det einaste han måla på denne fyrste reisa til hovudstaden.

I desember 1622 døydde kongens favoritt mellom hoffmålarane. Fonseca formidla då eit krav frå ein av dei som hadde kongens gunst, hertugen av Olivares, om å kome til Madrid. Fonseca baud Velázquez husrom i heimen sin og sat sjølv modell for eit portrett, som seinare då det var ferdig vart gjeve til slottet. Eit portrett av kongen vart bestilt, og 16. desember 1623 sat kongen modell for Velázquez. Portrettet vart gjort ferdig same dagen, og kan knappast han vore meir enn ei skisse av hovudet. Men både kongen og Olivares var nøgde. Olivares gav ordre om at Velázquez skulle flytte til Madrid og verte hoffmålar. Han lova samstundes at ingen andre skulle få måle portrett av Filip IV, og tidlegare portrett skulle dragast tilbake.

Året etter fekk Velázquez 300 dukatar av kongen for å koste flyttinga av familien hans til Madrid. Gjennom brystbiletet av kongen som han måla 1623 fekk han embetsstilling som hoffmarskalk med ei løn på 20 dukatar i månaden, tilgang til lækjar og bustad samt betaling for dei måleria han laga.

I september 1628 kom Peter Paul Rubens til Madrid og Velázquez heldt han med selskap i klosteret El Escorial, der dei beundra Tizian sine verk. Truleg arbeidde Rubens i Velázquez atelier i slottet. Rubens forsterka Velázquez sitt ynskje om sjå Italia og verka til dei store italienske meistrane. Men Velázquez sin måleristil vart ikkje påverka av Rubens sine arbeid.

'Prins Baltasar Carlos til hest', 1634-35
'Kristus på krossen', 1632

Fyrste reisa til Italia og tida etter[endre | endre wikiteksten]

Den 10. august 1629 for Velázquez frå Barcelona til Italia for å bu der i 1½ år. Han reiste for å auke kunnskapen sin om italiensk kunst, hovudmåla var Venezia og Roma. Hans grundige rapportar til kong Filip IV gjorde at han fekk viktige oppdrag ved sidan av sitt virke som hoffmålar. Til Roma kom han i 1630 og budde der eit år. Hans viktigaste måleri frå denne tida er La fragua de Vulcano (Vulcanus smie) og La tunica de Jose (Josefs tunika).

Då Velázquez vende tilbake til Madrid måla han det fyrste portrettet av den unge kronprinsen Baltasar Carlos i ein verdig og statleg positur, trass prinsens låge alder. Den kraftfulle ministeren Olivares var Velázquez faste beskyttar. Ministerens utsjånad er kjent for ettertida gjennom Velázquez mange portrett av han. Skulptøren Montafles laga ein modell til ein statue utifrå eit av Velázquez portrett av kongen til hest. Av modellen vart det gjort ein statue i bronse av skulptøren Pietro Tacca frå Firenze. Statuen står i dag på Plaza de Oriente i Madrid. Velázquez sitt originalportrett er tapt, men fleire liknande verk finst. Velázquez var stendig i kontakt med kongen og var med kongens reiser til Aragon i 1642 og 1644.

Forutan førti portrett av Filip IV måla han portrett av dei andre medlemene i kongefamilien. Til dømes hans fyrste kone, Elisabet av Frankrike og deira born, særleg den eldste sonen Baltasar Carlos. Hoffolk, soldatar, geistlege og diktaren Francisco de Quevedo sat modellar for Velázquez. Hans viktigaste religiøse verk frå desse åra er Cristo Crucificado (Kristus på krossen) frå 1632, som viser Kristus straks etter han har anda ut.

Filip IV gav Velázquez i oppdrag å gjere til røyndom ein ide han lenge hadde tenkt på, oppretting av eit kunstakademi i Spania. Spania var rik på biletkunst, men hadde dårleg tilgang til skulpturar. Velázquez vart send til Italia på ny, no for å kjøpe inn kunst.

Andre reisa til Italia og tida etter[endre | endre wikiteksten]

1649-51 føretok Velázquez si andre reise til Italia. Der kjøpte han, for det spanske kongehuset si rekning, inn kunstverk frå antikken og renessansen.

I 1658 vart han oppteken som riddar i Santiagoordenen, etter forslag frå spanskekongen.

'Hoffdamene' (Las Meninas), 1656

Hoffdamene - Las Meninas[endre | endre wikiteksten]

Vel midtvegs på 1650-talet måla Velázquez verket Hoffdamene. Biletet frå 1656 er i dag utstilt i Pradomuseet.

Trass i at gruppeportrettet med den femårige kongsdottera Margarita og hennar hoffdamer er eit av den spanske kunsthistorias mest berømte måleri, har ein enno ikkje kome fram til ei allgyldig tolking av kunstverket. Ute til venstre ser ein Velázquez sjølv stå med sine målarreiskapar i hendene framfor ein veldig duk. Det er uklart om kunstnaren held på og målar eit portrett av kongsdottera, eller om han målar det spanske kongeparet som ein ser i spegelen.

Biletet har elles vorte halde fram som det fyrste portrettet der det er sjåaren av kunstverket som er subjektet i møtet mellom auge og bilete. Tidlegare portrett, både av det guddomlege og det verdslege, oppfatta ein som om den/dei avbilda såg på sjåaren/oss.

Velázquez døydde i Madrid i 1660.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Diego Velázquez