Dieter Thoma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thoma, Dieter

Dieter Thoma (fødd 19. oktober 1969) er ein tidlegare tysk skihoppar. I 1990-åra var Thoma den nest beste tyske hopparen, etter Jens Weissflog.

Dieter Thoma var ikkje den fyrste kjente skihopparen i familien: Dieters onkel, Georg Thoma, var verdsmeister og olympisk meister i kombinert.

Thoma vann sitt første verdscuprenn som 19-åring. To år seinare, i 1990, vann han hoppveka samanlagt, og vann i tillegg VM i skiflyging i Vikersund på slutten av sesongen.

Føre sesongen 1993/1994 endra Dieter Thoma teknikken frå å hoppa parallelt til den nye V-stilen, og var med på det tyske mannskapet som vann laghoppinga under OL på Lillehammer. I tillegg tok han bronsemedalje i normalbakken.

Thoma la opp etter sesongen 1998/99.