Dietmar Mögenburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dietmar Mögenburg


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 15. august 1961 (62 år)
Leverkusen
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Dietmar Mögenburg (fødd 15. august 1961) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Leverkusen som tevla i høgdehopp for Vest-Tyskland, og til sist for Tyskland. Han vart europameister i 1982 og olympisk meister i 1984. Mögenburg er 2,01 m høg og vog 79 kg då han var aktiv, hans personlege rekordar er 2,36 m utandørs og 2,39 m innandørs. Han bur i dag med den norske kona si i Bærum.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Mögenburg tangerte verdsrekorden 28. mai 1980 med eit hopp på 2,35 m, dagen etter at polakken Jacek Wszoła hadde sett ny verdsrekord på same høgda. Rekorden stod i to månader til 1. august 1980, då austtyske Gerd Wessig hoppa ein centimeter høgre under sommar-OL i Moskva.

I europameisterskapen 1982 vann Mögenburg gullmedaljen då han var åleine om å klare 2,30 m. Året etter kom han på delt fjerdeplass under VM i friidrett 1983, på same høgda som bronsevinnar Zhu Jianhua frå Kina.

Mögenburg vann OL-gull i Los Angeles 1984 med eit hopp på 2,35 m. Han var den einaste som klarde høgda, svenske Patrik Sjöberg mislukkast og fekk sølv på 2,33 m. Vinteren 1985 gjorde han sitt livs høgste hopp då han sette innandørs verdsrekord med 2,39 m.

Perioden 1986-90 var Mögenburg medaljekandidat i alle dei store meisterskapane. Både i EM 1986 og VM 1987 vart han nummer fire i høgdehopp, medan han vart nummer seks i OL 1988 og EM 1990. I alle desse fire tevlingane opplevde han rive på den høgda som kunne gitt han medalje, to eller tre centimeter over hans eige sluttresultat.

Frå 1980 til -89 vann Mögenburg høgdetevlinga i innandørs-EM heile fem gongar. Han vart vesttysk meister i høgdehopp 1980-85 og 1987-90.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]