Differensialsperre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Differensial med trykkluftoperert sperre.

Differensialsperre er ein mekaniske som låser dei to drivakslane som ut frå differensialen saman, slik at dei roterer med same turtal. Dette er nyttig ved køyring på glatt eller sleipt føre, for å hindra at det eine hjulet vert ståande fast medan det andre hjulet spinn på det glatte underlaget.

Differensialsperre vert nytta på traktorar, lastebilar og ulike terrengkøyretøy. Fleirhjulsdrivne køyretøy kan òg ha differsialgir mellom fram og bakaksel og nokre har sperre på denne differensialen for å hindra at hjula på enten fram- eller bakakselen slurar.

På eldre traktorar vart differensialsperra kopla inn manuelt med ein pedal. På lastebilar er det vanleg med elektro-pneumatisk innkopling.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Differensialsperrer har vore nytta sidan 1920-talet. Til dømes var den den tyske traktoren Komnick PT, som kom på marknaden i 1925, utstyrt med differensialsperre[treng kjelde]. Men det var ikkje før på 1950-talet at det vart vanleg å utstyra traktorar og lastebilar med differensialsperre.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]