Diftong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein diftong eller eit tviljod er ein type vokal og skil seg frå dei meir kjende monoftongvokalane ved at ein i uttala sklid frå ein ljodlekk til ein annan i laupet av diftongen, medan det i monoftongen berre er ein ljodlekk som læt. Ein annan måte å seia det på er at ein diftong er ei fylgje av to vokalljod som høyrer til same staving.

Diftongtypar[endre | endre wikiteksten]

Søkkande (eller fallande) diftongar byrjar med ein lekk som har ein vokalkvalitet av større prominens (høgare tone eller kraftigare) og endar på ein halvvokal med lægre prominens, så som for /aɪ̯/ i engelsk «eye», medan stigande (eller reisande) diftongar byrjar med ein mindre prominent halvvokal og endar på ein meir prominent fullvokal, så som /ɪ̯a/ i engelske «yard». Den minst prominente delen av diftongen kan òg transskriberast som eit tilnærmingsljod (approksimant), så som /aj/ i engelske «eye» og /ja/ i engelske «yard». Likevel, når ein ser på diftongane som fonem, vert begge ljoda oftast transskriberte med vokalbokstavar (/aɪ̯/, /ɪ̯a/). Merk òg at halvvokalar og tilnærmingsljod ikkje all staden vert handsama likt og at det t.d. for engelsk og italiensk er slik at mange som driv med fonetikk ikkje ser på stigande diftongar som diftongar men heller som sekvensar av eit tilnærmingsljod med ein vokal til.

I stengde diftongar er sistelekken meir stengd enn fyrstelekken (jamfør /ai/); medan han i opne diftongar er meir open (jamfør /ia/). Stengde diftongar er oftast søkkande (/ai̯/). Medan opne diftongar til vanleg er stigande (/i̯a/) ettersom opne vokalar er meir sonore og difor har ein hang til å vera meir prominente – jamvel om unnatak frå denne regelen ikkje er sjeldsynte mellom verdsspråka. Til dømes i finsk er dei opne diftongane /ie̯/ og /uo̯/ ekte søkkediftongar som både byrjar sterkt og med ein høg tone for så å falla i prominens i laupet av diftongen.

Ein sentrert diftong byrjar på ein meir perifer vokal og endar på ein meir sentral vokal, så som /ɪə̯/, /ɛə̯/, og /ʊə̯/ i engelsk Received Pronunciation eller /iə̯/ og /uə̯/ i irsk. Mange sentrerte diftongar er i tillegg opne diftongar (/iə̯/, /uə̯/).

Somme språk skil mellom stutt og lang diftong. For lange diftongar er det i så fall oftast fyrstelekken som vert rekna som lang. (Stutte diftongar er m.a.o. samansette av to jamlange lekker.) Språk som skil mellom tre slag diftonglengder er særs sjeldhøyrde men ikkje uhøyrde: Nordsamisk er kjent for å skilja mellom lang, stutt og avsluttande vektlagd diftong, der sistnemnde særmerkjer seg ved at det er sistelekken som er lang.

Skriftbilete for diftongar[endre | endre wikiteksten]

Den arketypiske måten for nedfelling av diftong i skrift (for språk med latinsk alfabet) er å skriva bokstavane for dei to vokallekkene ein oppfattar diftongen som, attmed einannan. Såleis vert ei-diftongen i norsk – [æɪ̯] – skriven og oppfatta som vokalen e og vokalen i.

Men på grunn av nedervde rettskrivingsreglar er det òg mange skrivemåtar som er vanlege endå dei ikkje fylgjer det arketypiske mønsteret. Til dømes er det i engelsk vanleg at diftongen [aɪ̯] vert skriven som -igh (som i light) .

Norske skrivemåtar[endre | endre wikiteksten]

I norsk skriftspråk er det særleg tre diftongar som førekjem – nemleg ei, øy og au. Andre diftongar, så som ai, oi og eu, førekjem t.d. i utrop og i lånord. Sistnemnde, eu, vert helst uttala så som diftongen au. Den einskilde målbrukaren uttalar desse diftongane på ulikt vis – alt etter målføre og målform. Og i tillegg vert kvar av bokstavane i ein nedskriven diftong – så som e-en og i-en i ei-diftongen – gjerne uttala annleis enn når dei same bokstavane gjev uttrykk for ein monoftong.

I tillegg til dei arketypiske skrivemåtane for diftong, så har norsk skriftspråk òg døme på at vokal og konsonant vert uttala som diftong – t.d. lekken -eg i ordet jeg som i bokmålsnær uttale oftast læt som ei (jei), eller lekken -edj i ordet tredje som i ein del målføre læt som ei (treie).

Diftongar og orddeling og avstytting[endre | endre wikiteksten]

I norsk kan ein ikkje dela eit ord inne i ei staving. Difor er det alltid gale med orddeling inne i ein diftong. Men sidan det er tale om éin vokal, er det òg gale å laga avstyttingar som deler vokalen i to. Til dømes vil det i ein kalender ikkje vera meiningsfullt å stytta laurdag ned til berre la – utifrå ein tankegang om at alle dei andre vekedagane jo kan styttast ned til to bokstavar. I staden lyt ein skriva lau.

Diftongar i ljodskrift[endre | endre wikiteksten]

Vokalfirkant for diftongane nytta i australsk engelsk.

I IPA-ljodskrift skal dei reine vokalane (monoftongane) transskriberast med berre eitt einskildteikn, så som for u-en i det engelske sum, som vert transskribert til [sʌm]. Medan diftongane skal transskriberast med to bokstavar, så som i det engelske «eye» som vert transskribert [aɪ̯]. Rett transskribering skal ha det diakritiske teiknet <  ̯> under den minst promininente lekken for å syna at teiknet er med i ein diftong og ikkje er ein sjølvstendig vokal.

Norsk ljodskrift[endre | endre wikiteksten]

Diftongane i norsk vert transskriberte til IPA-ljodskrift såleis:

  • [æɪ̯] som i nei
  • [øʏ̯] som i øy
  • [æʉ̯] som i sau
  • [ɑɪ̯] som i hai
  • [ɔʏ̯] som i joik
  • [ʉ̫ʏ̯] som i hui (hui og hast) og tuja