Dig It av Klaus Schulze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dig It
Studioalbum av Klaus Schulze
Utgjeve 31. oktober 1980
Innspelt Mai til september 1980
Sjanger Elektronisk musikk, trance, Berlinskulen
Lengd 48:31 (original)
77:11 (nyutgjeving)
Selskap Brain
Produsent Klaus Schulze
Klaus Schulze-kronologi 
...Live....
(1980)
Dig It Trancefer
(1981)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Dig It er det 13. albumet til Klaus Schulze. Det kom ut i 1980 og igjen i 2005 med bonusspor og ein bonus-DVD. Det var den første heildigitale innspelinga til Schulze.

Schulze nyttar djupe sekvenserar, persistente rytmar, metalliske atmosfærar og science fiction-lydar som dominerer lydbiletet. Albumet kom ut på ei tid då denne typen elektronisk musikk ikkje var så populær. Det var for tungt for new age og for avantgarde for rock and roll.[1]

Bonus-DVDen som følgde 2005-utgåva var eit videoopptak av ein konsert frå 1980 ved Ars Electronica, som tidlegare var gjeve ut som lydspor på The Ultimate Edition (2000).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Klaus Schulze.

Nr.TittelLengd
1.«Death of an Analogue»12:15
2.«Weird Caravan»5:16
3.«The Looper Isn't a Hooker»8:30
4.«Synthasy»22:53
Bonusspor på 2005-utgåva
Nr.TittelLengd
5.«Esoteric Goody»28:21
Bonus-DVD
Nr.TitteljaLengd
1.«Linzer Stahlsinfonie»Opningskonserten ved Ars Electronica, 8. september 198062:22

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Klaus Schulze – synthesizer, gitar, trommer, klaverinstrument, vokal, lydteknikar, datamaskinar
  • Fred Severloh – trommer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Dig It på den offisielle nettsida til Klaus Schulze
  • Dig ItDiscogs (liste over utgjevingar)