Digging in the Dirt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Digging in the Dirt
Single av Peter Gabriel
frå albumet Us
B-side «Quiet Steam»
Utgjeve 14. september 1992
Innspelt 1989
Sjanger Alternativ rock, hardrock, rock
Lengd 5:16
Selskap Geffen Records
Låtskrivar(ar) Peter Gabriel
Produsent Daniel Lanois
Peter Gabriel
Peter Gabriel-kronologi
«Solsbury Hill»
(nyutgjeving)
(1990)
Digging in the Dirt «Steam»
(1993)

«Digging in the Dirt» er ein song av den britiske musikaren Peter Gabriel frå 1992. Han var den første singelen frå det sjette studioalbumet hans, Us. Songen var berre ein liten hit i USA, men toppa både Billboard Modern Rock og Mainstream Rock-lista der. Songen vart ein mindre hit i Storbritannia og nådde 24. plass på salslista.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen for singelen vart regissert av John Downer og nytta same animasjonsteknikk som Gabriel hadde nytta i videoane for «Sledgehammer» og «Big Time». Filminga var strevsam, særleg for Gabriel som måtte ligge roleg i timesvis i fleire dagar. Videoen fekk ein Grammypris for beste musikkvideo i 1993. Kvinna i videoen er spelt av Francesca Gonshaw.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD maxi
  1. «Digging in the Dirt (LP Version)» — 5:16
  2. «Digging in the Dirt (instrumental)» — 5:10
  3. «Quiet Steam» — 6:25
  4. «Bashi-Bazouk» — 4:47
7" singel
  1. «Digging in the Dirt» — 5:16
  2. «Quiet Steam» — 6:23

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1992) Plassering
Australia[1] 23
Austerrike[1] 29
Frankrike[1] 34
Tyskland[1] 23
Sverige[1] 9
Sveits[1] 12
Storbritannia[2] 24
US Billboard Hot 100[3] 52
US Billboard Hot Mainstream Rock Tracks[3] 1
US Billboard Hot Modern Rock Tracks[4] 1
US Billboard Top 40 Mainstream[3] 37

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 "Digging in the Dirt», in various singles charts Lescharts.com (Henta 8. desember 2008)
  2. "Digging in the Dirt», UK Singles Chart Chartstats.com (Henta 8. desember 2008)
  3. 3,0 3,1 3,2 Billboard allmusic.com (Henta 8. desember 2008)
  4. Peter Gabriel Album & Song Chart History – Alternative Songs. Billboard.com. Henta 14. desember 2010.