Digital

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Ordet digital vert mykje nytta når ein snakkar om ulike former for diskrete, oppdelte, verdiar. Desse verdiane er vanlegvis representerte med talverdiar. Eit døme kan vere tala [1, 2, 3]. Eit analogt system brukar ei samanhengande mengde med tal for å representere informasjon, til dømes alle verdiar mellom tala 1 og 3.

Sjølve ordet digital kjem frå same opphavet som ordet digitus, som på Latin tyder fing.

Ofte tenkjer ein på datahandsaming og elektronikk når ein høyrer ordet digital. I slike system representerer ein gjerne reelle analoge signal digitalt. Døme på dette er musikk og elektroniske fotografi.

Vanlegvis er digital informasjon i datamaskiner basert på det binære talsystemet, som nyttar tala 0 og 1. Eit analogt signal (til dømes lyd) må konverterast til eit digitalt signal med punktprøve (sampling). Ein tek då fleire prøvar av lyden med ei gitt avstand mellom prøvane. Denne avstanda vert kalla punktprøvingsrate, og er ofte oppgjeve i Hz. For å digitalisere lyd må ein punktprøve mange gonger kvart sekund, gjerne med ei punktprøvingsrate på 192 kHz som er vanleg for ein del digital musikk. Ei slik punktprøve må så konverterast til digital informasjon i ein AD-omformar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]