Digital rettsadministrasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Digital Rights Management)
Gå til: navigering, søk

Digital rettsadministrasjon (DRA), en: Digital Rights Management (DRM) er ei samlenemning på ulike teknologiar som har til mål å administrere tilgangen til opphavsrettsbeskytta informasjon lagra på, eller distribuert ved hjelp av, digitale medium.

I motsetnad til dei reint juridiske restriksjonane som nasjonal og internasjonal opphavsrettlovgjevnad pålegg den som innehar kopiar av opphavsrettbeskytta materiale, gjer DRA det mogleg å påleggje kopiinnehavaren ulike tilleggsrestriksjonar med hjelp av maskinvare- og programvare-kodar som vert kontrollerte av opphavsrettsinnehavaren.

Eit tidleg døme på DRA er det såkalla Content Scrambling System (CSS) for DVD-plater, som vart introdusert om lag i 1996. Prinsippet bak CSS er at data på DVD-plata er kryptert, slik at innhaldet berre kan spelast av dersom den koda informasjonen vert kombinert med ein eigen avspelingsnøkkel. For å få tillating til å leggje ein slik nøkkel inn i avspelarane sine måtte produsentane signere ei avtale som påla dei å byggje ei rekkje avgrensingar inn i spelarane, som til dømes å ikkje gje den som eig spelaren direkte tilgang til dei digitale signala som vert brukte for å framstille klartekstskopiar av signala på DVD-plata. I 1999 vart desse avgrensingane dekoda, og avspelingsnøklane er nå allment tilgjengelege (sjå DeCSS).

I dei seinare åra er det føreslege fleire nye DRA-initiativ. Dette inkluderer til dømes teknologi for å forhindre uautorisert innspeling av signal frå HDTV-kringkasting, det såkalla NGSCB-initiativet frå Microsoft, Intel og andre, og ulike teknologiar knytte til elektroniske bøker.

Motstandarar av DRA meiner denne typen teknologi pålegg forbrukarane urimelege restriksjonar og også mogleggjer andre former for misbruk, medan tilhengjarane hevdar at DRA er nødvendig for å forhindre ustrekt piratkopiering av digitale åndsverk.