Diklosmta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diklosmta
Land  Georgia
Fjellkjede Pirikita
Høgd 4 285 m
Kart
Diklosmta
42°29′18″N 45°46′31″E / 42.488333333333°N 45.775277777778°E / 42.488333333333; 45.775277777778
Wikimedia Commons: Diklosmta

Diklosmta er eit fjell aust i Kaukasus som ligg på grensa mellom regionen Kakheti i Georgia og dei russiske republikkane Tsjetsjenia og Dagestan. Det ligg i fjellkjeda Pirikita, som ligg nord for Store Kaukasus. Fjellet har ei høgd på 4 285 meter over havet, og har fleire isbrear. Nokre av isbreane går djupt ned i dalane i Pirikita-kjeda.