Diktaren Allan Ramsay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Allan Ramsay

Allan Ramsay (15. oktober 16867. januar 1758) var ein skotsk diktar, dramatikar, utgjevar, bibliotekar og parykkmakar.

Ramsay var fødd i Leadhills i Lanarkshire som son av ein gruvestyrar. Han blei utdanna som parykkmakar i Edinburgh og gifta seg med Christian Ross i 1712. Den eldste sonen, Allan Ramsay, blei ein kjend portrettmålar.

Allan Ramsay byrja skriva dikt som medlem av klubben Easy Club, som han var med på å grunnleggja i 1712. I 1715 blei han utnemnd til klubbdiktar. Ramsay skreiv først høvesdikt, men samla også inn eldre låglandsskotsk dikting. I 1716 og 1718 gav han ut Christ's Kirk on the Green, transkribert frå Bannatyne-manuskriptet med eigne tillegg. I 1719 gav han ut Scots Songs og i 1724 første utgåve av The Tea-table Miscellany, ei samling av eigne, samtidige og eldre skotske dikt, og The Ever Green, ei samling skotske dikt skrivne før 1600. I 1725 gav han ut ein pastoral opera, The Gentle Shepherd.

Gjennom arbeidet sitt søkte Ramsay å dra ei linje mellom dei store diktarane (makar) fra 1400- og 1500-talet til samtidig dikting, og inspirerte seinare store skotske diktarar som Robert Fergusson og Robert Burns. Han kritiserte «lånt staffasje» og «utanlandsk pynt» i diktinga,[1] og oppmuntra til å sjå til den enklare skotske tradisjonen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «imported trimming» og «foreign embroidery in our writings»