Dilma Rousseff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dilma Vana Rousseff
none
Fødd 14. desember 1947 (66 år)
Belo Horizonte i Minas Gerais i Flag of Brazil.svg Brasil
Parti Partido dos Trabalhadores (Arbeidernes parti)
Yrke Økonom
1. verv President av Brasil
 - periode 1. januar 2011 –
2. verv Gruve- og energiminister i Brasil
 - periode 1. januar 2003–21. juni 2005
 - føregjengar Francisco Luiz Sibut Gomide
 - etterfylgjar Silas Rondeau
3. verv Stabssjef for presidenten av Brasil
 - periode 21. juni 2005–31. mars 2010
 - føregjengar José Dirceu
 - etterfylgjar Erenice Guerra
Ektefelle Carlos Araújo

Dilma Vana Rousseff (fødd 14. desember 1947) er ein brasiliansk økonom og politikar. I 2011 blei ho den første kvinnelege presidenten av Brasil. Ho representerer Partido dos Trabalhadores (PT) og var gruve- og energiminister for Brasil i perioden 2003–2005. Før ho blei president var Rousseff ein nær medarbeidar av president Lula da Silvas, og ho lova å fortsetja politikken hans.[1]

Oppvekst og tidleg politisk aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Rousseffs far, Pedro Rousseff (opphavleg Petar Rusev), kom frå Bulgaria, men måtte flykta frå landet i 1929 på grunn av kommunistisk aktivitet. I Brasil møtte han Dilma Jane Silva og dei fekk tre barn saman, der Dilma Vana var den midterste. Familien tilhøyrde øvre mellomklasse.[2] Dilma fekk skulegangen først på ein kostskule driven av nonner og seinare på offentleg vidaregåande skule.

I 1964 blei den folkevalde presidenten i Brasil João Goulart avsett i et militærkupp, og Dilma Rousseff blei med i ei marxistisk motstandsgruppe. Her møtte ho begge sine ektemenn, først Cláudio Galeno Linhares, seinare Carlos Araújo, som ho seinare skilde seg frå.

Rousseff blei arrestert 16. januar 1970 og skal ha blitt torturert i fengselet. Rousseff blei dømt til seks år i fengsel, men straffa blei seinare redusert, og ho fekk sleppa ut mot slutten av 1972. Ho blei også dømt til tap av statsborgarlege rettar i 18 år.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Rundt 1980 begynte det sittende militærregimet å tillate fleire parti. Rousseff var heilt frå starten med i Partido Democrático Trabalhista (Det demokratiske arbeidarpartiet), som blei leia av Leonel Brizola. Då Alcau Collares blei borgarmeister i Porto Alegre i 1986, utnemnde han Dilma Rouseff til finansansvarleg. Denne stillinga hadde ho fram til 1988. I 1989 blei ho administrerande direktør for byrådet, men fekk sparken etter kort tid fordi ho kom for seint på jobb.

Delstatsminister i Rio Grande do Sul[endre | endre wikiteksten]

Collares blei vald til guvernør i Rio Grande do Sul i 1990, og gjorde Rousseff til president for Stiftelsen for økonomi og statistikk (Fundação de Economia e Estatística), ein organisasjon knytt til delstatsadministrasjonen i Rio Grande do Sul. I 1993 blei ho delstatsminister for energi og kommunikasjon, men måtte gå av etter at Antônio Britto vann guvernørvalet i 1994.

I 1998 vann Olívio Dutra guvernørvalet i spissen for ein allianse der mellom anna PT og PDT var med. Han gjeninnsette Rousseff som delstatsminister for energi. Samarbeidet mellom PT og PDT var langt frå friksjonsfritt, mellom anna stod dei mot kvarandre og støtta kvar sin kandidat under borgarmeistervalet i Porto Alegre i 2000. Rousseff insisterte på å oppretthalda alliansen og støtta kandidaten til PT, sjølv om hennar eige parti var PDT. Som følgje av valet bytta ho parti og meldte seg inn i PT.

Gruve- og energiminister i Brasil[endre | endre wikiteksten]

Etter at Lula da Silva vann presidentvalet i 2002 utnemnde han overraskande Rousseff til gruve- og energiminister.

Stabssjef[endre | endre wikiteksten]

I 2005 blei regjeringspartiet PT skaka av den såkalla mensalão-skandalen, der partiet blei skulda for å kjøpa stemmer i parlamentet. Som følgje av skandalen måtte José Dirceu gå av som stabssjef for presidenten, og Rousseff blei utnemned i staden.[2]

Dåverande president Lula og Rousseff i 2010.

Presidentvalet 2010[endre | endre wikiteksten]

31. mars 2010 gjekk Rousseff av som stabssjef for å kunna stilla som kandidat til presidentvalet til hausten. I første valomgang 3. oktober fekk ho 46,91 % av stemmene, og gjekk vidare til andre omgang saman med José Serra frå Partido da Social Democracia Brasileira. I andre valomgangen 31. oktober fekk ho 56,05 % av stemmene, og bleu dermed valt til den neste presidenten av Brasil. Dilma Rousseff blei innsett 1. januar 2011.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dilma Rousseff

Kjelder[endre | endre wikiteksten]