Diminutiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Diminutiv eller minskingsord er eit avleidd ord som viser til noko som er mindre eller yngre enn ordet det er avleidd av. Ein kan også bruka diminutiv for å gjera omtalen av noko koselegare, søtare eller meir akseptabelt, eller motsett, med nedsetjande innhald om noko dårleg, ynkeleg eller puslete. Ulike språk har ulike reglar for korleis og kva tid ein lagar diminutiv. Ein kan bruka endingar (som -ette, -ino) eller forstavingar (som små-, vesle-). I nokre språk er det vanleg å gjera ord om til diminutiv i daglegtale, i andre ikkje. Kva ordklassar ein lagar diminutiv med, varierer også. Substantiv, medrekna personnamn, er vanleg brukte, men ein kan også laga diminutiv av til dømes adjektiv.

Diminutivsord kan i nokre høve gå over til å bli sjølvstendige ord med eigne tydingar (til dømes artikkel, etikette, sigarett). Desse kan også kallast forsteina eller falske diminutiv. Mange førenamn er også opphavleg danna som diminutiv, til dømes Asle, Dyveke og Robin.

Nokre språkgrupper, som dei romanske og slaviske språka, i tillegg til nederlandsk og tysk med slektningar, er kjende for å ha ei rekkje, produktive diminutivendingar, særleg i talespråket. For dette blir dei av og til kalla «diminutivspråk». Italiensk har til dømes 11 ulike diminutivsendingar som i tillegg kan kombinerast med kvarandre (t.d. –etta + –ina = -ettina).

Skandinaviske språk har få produktive diminutivsendingar, sjølv om den svenske endinga -is i nokre høve kan danna diminutiv. Dei skandinaviske språka i dag nytter gjerne prefiks eller framanforstilte ord, som bitte-, liten, lill-, mini-, små- og pytte-, for å danna det ein kan kalla diminutiv.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Diminutivsending Språk Døme (på opphavsspråket eller norsk)

-acchiotto, acchiotta
-ino, -ina
-etto, -etta
-ello, -ella
-icciòlo, -icciòla
-icchio, -icchia
-iciattolo, -iciattola
-uccio, -uccia
-ùcolo, -ùcola
-(u)olo, -(u)ola
-otto, -otta

italiensk arietta (av arie), attimino (av attimo, 'augneblink'), casino (av casa, hus), libretto (av libro, 'bok'), sardell (av sarda, ein fisk), sorellina (av sorella, syster), sonett (av suono, lyd), spagetti (av spago, tråd), trombetta (trompet, av tromba, basun)
-chen tysk Kaninchen (av Kanin), Mädchen (av maget, magd, 'jomfru'), Maiglöckchen (liljekonvall), Märchen (av Mär), Meerschweinchen (marsvin), Plätzchen (plesken, av Platz 'plass'), Seepferdchen (sjøhest)

-culus, -cula, -culum
-ellus, -ella, -ellum
-olus, -ola, -olum
-ulus, -ula, -ulum

latin (medrekna mellomalderlatin og vitskapleg latin) cerebellum (litlehjernen), gladiolus (av gladius), skalpell (av scalprum), spatel (av spatha), tabell (av tabula), testiculus (av testis)
-et, -ette engelsk, fransk œillet (nålauge, knapphol o.l., av œil, 'auge'), rulett (av roue, 'hjul'), sachet (liten pose, av sac), suffragette (av suffrage, 'stemmerett'), toalett (av toile, 'lerret, duk'), vignett (av vigne, vinranke), whippet (av whip)
-ik, -ok, -iok,
-tsjk-, -sjk-, -on'k-, -en'k-
russisk bistren'ko (av bistro, 'snøgt'), kosjka, kotik (av kot), voditsjka (av voda, vatn)
-illa, -illo
-ito, -ita
spansk armadillo (av armado, 'armert, rusta'), chocolatillo (av chocolate), cosita (av cosa, 'sak, ting'), eurillo (av euro), tortilla (av torta), vainilla (vanilje, av vaina, 'belg, skjede')
-is svensk frågis (av fråga), helgis (av helg) kramis (av kram, 'klem')
-ie, -je afrikaans, nederlandsk bakkertje (av bakker, 'bakar') bloempje ('liten blom', av bloem, 'blom'), bloemtje ('bukett', av bloem'), clusterbommetje (av clusterbom, klasebombe), koppie/kopje (liten ås), kopje (liten kopp)
-kin engelsk bodkin (lite, skarpt instrument, som syl eller nål, av boyde) catkin (rakle), lambkin (lite lam), manikin (utstillingsdokke, liten person), napkin (serviett, av nape]], klede)
-lein tysk Fräulein (frøken, av Frau, frue)
-let engelsk booklet (hefte, av book), eyelet (lite hol, av eye, auge) piglet (grisunge), starlet (ung skodespelar, av star)
-(l)ing germanske språk

dansk atling (lita and eller den minste i eit kull), billing (liten stump), ælling (andunge)
norsk belling (av bein), fetling (av fot), kipling (av kjepp), kjevling (av kavle), mannsling (av mann) meslingar (av masel), musling (av musel)
engelsk gosling, darling, duckling, fledgling, foundling, princeling
svensk geting (av get), gässling (av gås), killing, pyssling (av pys), ättling (av ätt)
tysk Schwächling (svekling)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]