Dimitrij Bortnjanskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dmitrij Bortnjanskij

Dimitri Stepanovitsj Bortnjanskij (russisk Дмитрий Степанович Бортнянский, ukrainsk Дмитро Степанович Бортнянський - Dmytro Stepanowytsch Bortnjanskyj; (28. oktober 175110. oktober 1825) var ein ukrainsk komponist som hovudsaklig var verksam i Russland. Han fikk stor påverknad på utviklinga den tyske kyrkjemusikken på 1800-talet.

[endre] Liv og virke

Bortnjanskij blei fødd i Gluchov i Guvernementet Tsjernigov. Som sjuåring flytte han til St. Petersburg for å synge i hoffkapellkoret. Han var elev av Baldassare Galuppi som var leiar av hoffkoret til tsaren frå 1765 til 1768. I 1769 reiste Bortnjanskij med Galuppi til Italia. Her hausta han stor fagnad for operaene Creonte (Venezia, 1776); Quinto Fabio (Modena, 1778) og Alcide (Venezia, 1778).

Bortnjanskij vendte attende til St. Petersburg i 1779. I 1796 utnemnde tsar Paul I han til statsråd og leiar av hoffsongarkapellet. Under leiinga hans utvikla koret seg til eit toppensemble i europeisk sammanhang. Bortnjanskij fikk i 1814 oppdraget å skrive offisiell versjon av Johannes Chrysostomos-liturgien for den russisk-ortodokse gudstenesta som skulle gjelde for heile Russland.

Kyrkjemusikken til Bortnjanskij omfattar over 100 motetter, kantater og liturgiske stykke og i denne knytta han saman russiske og vestlege element i ein polyfon stil han lærde i Italia. Bortnjanskij skreiv òg kammermusikk og klaversonater.

Bortnjanskij snakka ukrainsk, russisk, italiensk, fransk og tysk. I 1882 gav Pjotr Tsjajkovskij ut ei ti bind stor samleutgåve av Bortnjanskij sine kyrkjemusikkverk.

Bortnjanski, døydde 28. september 1825 og er gravlagd på gravplassen ved Aleksandr Nevskij-klosteret i St. Petersburg.

I Russland blei tonespråket hans rekna som forelda og kritisert som «italiensk». Likevel har han vore mye omtykt heilt fram til vår tid, da musikken er særs tilgjengeleg og kjenslelada.

[endre] Kjelde

[endre] Eksterne lenker

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dmitri Bortnjanski
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk