Dimmelsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dimmelsvik
tettstad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kvinnherad
Areal 0,47 km²
Folketal 462  (2023)
Folketettleik 983 / km²
Postnummer 5464 DIMMELSVIK
Kart
Dimmelsvik
59°57′14″N 5°58′45″E / 59.953889°N 5.979167°E / 59.953889; 5.979167

Dimmelsvik er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland. Tettstaden har 462 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden ligg på austsida av Hardangerfjorden, om lag 4 km sørom Rosendal. Frå Dimmelsvik går det veg innover Omvikdalen og til Matre.

Dimmelsvik er ein gamal handelsstad, og var administrativt sentrum i Kvinnherad fram til etter andre verdskrigen. Her ligg framleis Tinghuset, det første rådhuset i kommunen, bygd om lag 1870. Her låg også tønnefabrikk og treskofabrikk.

Administrasjonsbygget til Kvinnherad energi ligg i Dimmelsvik. Hardanger Rock har eit sandtak og pukkverk som leverer ulike sand- og steinprodukt. Bygda er den største jordbruksbygda i kommunen, med om lag 5340 dekar jordbruksland, og 31 bruk med mjølkekvote (2002).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]