Dinara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dinara
fjell
Fjellet Dinara og Krcicfossen sett frå byen Knin i Kroatia.
Land  Kroatia,  Bosnia-Hercegovina
Fjellkjede Dei dinariske Alpane
Høgd 1 913 moh.
Koordinatar 44°03′22″N 16°22′52″E / 44.056°N 16.381°E / 44.056; 16.381
Kart
Dinara
44°03′22″N 16°22′53″E / 44.056111111111°N 16.381388888889°E / 44.056111111111; 16.381388888889
Wikimedia Commons: Dinara

Dinara er eit av dei meir framståande fjella på grensa mellom Kroatia og Bosnia-Hercegovina. Fjellet er mest kjend for å ha gjeve namn til Dei dinariske Alpane, ei fjellkjede av karst (kalkstein).

Dinara strekkjer seg frå fjellovergangen Derala (965 m) i nordvest til Privijapasset (1 230 m), som ligg 20 km mot søraust, der Kamešnica-fjellet byrjar. Dinara er opp til 10 km breitt, og dei høgaste toppane er Troglav (1 913 m) og Dinara (1 831 m). Toppen kalla Dinara er forma som eit menneskehovud av stein, og er den høgaste fjelltoppen i Kroatia.

Sjølv om Dinara ikkje ligg langt frå Adriahavet minnar klimaet lite om Middelhavet. Dinara markerer grensa til eit område med eit mykje kaldare, med alpint klima. Sjølve fjellet er ikkje busett, men det står små skur her og der som hovudsakleg vert brukt av gjetarar frå dei nærliggande dalane, som t.d. Cetina renn gjennom.

Dei mest fascinerande fjellformasjonane ligg på sørvestsida. Her ligg det eit seks kilometer langt massiv, som er opp til 1 700 meter høgt, og er lett synleg i landskapet for reisande på vegane i dalen nedanfor. Fjellklatrarar føretrekk derimot toppen Ošljak (1 706 m).

Dinara har ein endemisk gnagarart, ei markmus kalla «Dinarski miš» («Dinarisk mus»), Dolomys bogdanovi longipedis frå slekta Dinaromys, som er ei utryddingstrua dyreart.

Det latinske namnet på fjellet er Adrian oros, medan det noverande namnet kjem frå ei eldgamal illyrisk stamme som budde på austsida av fjellet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]