Dine-kompensasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dine-kompensasjonen er eit omgrep i meteorologi som seier at netto massekonvergens i ei luftsøyle må vere lik netto massedivergens frå same luftsøyle. Dette medfører mellom anna at stigande luft i atmosfæren må balanserast av same mengd søkkande luft eller subsidens.

Dine-kompensasjonen gjeld særleg for sirkulasjonar på mesoskala (til dømes superceller) og i tropiske sirkulasjonar på både stor- og mesoskala. Til dømes er det ikkje uvanleg å sjå cirrus i antisyklonsk utstrøyming frå ein tropisk orkan på satellittbilete.

Dine-kompensasjonen merkar ein på ein annan måte på midlare breiddegrader, sidan høgtrykk i høgda ikkje nødvendigvis følgjer lågtrykka ved bakken. Jetstraumar og andre fenomen i høgare nivå kan medverke til eller oppretthalde konvergens og divergens i lågare nivå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]