Dinosaurar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dinosaur)
Dinosaurar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Krypdyr Reptilia
Overorden: Dinosaurar Dinosauria
Owen, 1842
Illustrasjon av ulike typar dinosaurar

Dinosaurus (frå gresk deinos, ‘frykteleg’, og sauros, ‘øgle’) eller kjempeøgler er namnet på ein type krypdyr som levde i mesozoikum, 225 til 65 millionar år før vår tid, og inkluderte dei største krypdyra som har eksistert (sokalla kjempeøgler).

Det fanst store mengder dinosaurar på jorda gjennom mykje av trias og heile jura og krit, men nesten alle døydde brått ut over heile planeten då ein asteroide med ein diameter på om lag 10 km kolliderte med jorda i det som no er Chicxulub nær byen Progreso i Mexico. Kollisjonen førte tvillaust til vulkanutbrot og skogbrannar. Oske frå desse, saman med støv frå samanstøyten, mørkla Jorda i mange månader og førte til katastrofale ringverknader på klimaet i dei følgjande ti tusen åra, ifølgje utrekningar gjorde i 2001 av forskarar ved California Institute of Technology etter analyser av heliumisotopar i sediment frå perioden. Den vesle gruppa dinosaurar som overlevde er i dag kjend som fuglar.

Forsteina dinosaurusbein må ha blitt funne av menneske i forhistorisk tid òg, og er kan hende opphavet til segna om drakar. Det første funnet av dinosaurusbein i moderne tid vart gjort i Woodbury Creek i New Jersey i 1787, men vart ignorert av forskarane. Dei første utgravne beina som enno er bevarte, vart funne i 1818 og finst no på Peabody Museum ved Yale-universitetet. Først på midten av 1880-talet skjønte folk kor gamle slike fossil faktisk er, og innsåg kor store somme av desse dyra må ha vore. Dyra fekk namnet dinosaurar, «skrekkøgler», og både namnet og storleiken på fossila sette fantasien i sving hjå folk flest. Ikkje minst blei det populært blant born å læra om dei store, fryktinngytande kjempene som levde for lenge sida. I løpet av dei siste hundre åra er det funne fossil frå rundt 1 850 slekter av dinosaurar, men berre nokre få hundre av desse er grundig undersøkte.

Dinosaurane var særs varierte og fanst i dei fleste økosystem i tida si: Nokre var svært store, andre ganske små. Somme vandra omkring på alle fire, somme gjekk på to. Nokre var kjøtetarar, andre planteetarar. Det er funne fossil med delvis intakt skinn, som minnar om krokodilleskinn, men ingen veit t.d. kva farge dinosaurane hadde. Paleontologane stridest framleis om om dinosaurane var varm- eller kaldblodige.

Anatomi[endre | endre wikiteksten]

Viss ein ser bort frå fuglane, kan dinosaurane oppsummerast som archosaurar som levde frå sein trias til sein krittid og hadde rake ekstremitetar dei kunne stå oppreist med. Dette skil dei frå dei einaste andre archosaurane som lever i dag, krokodillane, som har bein som stikk ut frå sida av kroppen og vert haldne i ein cirka 90 gradars vinkel.

På same måte som andre archosaurar hadde dinosaurane opningar i hovudskallane sine mellom nasebora og augo, og i kjevebeina. Dette var med på å gjera kraniet lettare, og var ein stor fordel då dyra voks seg til dei enorme storleikane me er vane med å tenkja på dei i.

Basert på hoftestrukturar delar ein dinosaurar inn i to ordenar; Ornithischia (fugle-hofter) og Saurischia (øgle-hofter). Hjå Ornitischia peikar pubisbeinet (støtteknokkel for penis) framover, mot kraniet. Denne gruppa omfattar dei fleste planteetande dinosaurane, bortsett frå dei store sauropodane. Saurischia hadde bakover-peikande pubisbein og bestod for det meste av sauropodar og kjøttetarar. Forvirrande nok vart det denne gruppa - dei med øgle-hofter - som gav opphav til fuglane. I tillegg til generelle skjelettstrukturar har ein mellom anna sett at somme fossil er funne med avtrykk etter fjør.

Nokre kjende dinosaurslekter[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Bill Bryson, A Short History of Nearly Everything. Black Swan (2004).
    Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.