Svartvengalbatross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diomedea sanfordi)
Svartvengalbatross
Svartvengalbatross på austkysten av Tasmania Foto: JJ Harrison
Svartvengalbatross på austkysten av Tasmania
Foto: JJ Harrison
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Albatrossfamilien Diomedeidae
Slekt: Diomedea
Art: Svartvengalbatross D. sanfordi
Vitskapleg namn
Diomedea sanfordi

Svartvengalbatross (Diomedea sanfordi) er ein albatrossart i slekta Diomedea som høyrer til ein populasjon med hekking på Chathamøyane aust for New Zealand. BirdLife International splitta D. sanfordi frå kongealbatross, D. epomophora[1] med referanse til Robertson and Nunn (1998)[bliref 1] og Brooke (2004).[bliref 2] Somme autoritetar, som Clementslista ('eBird/Clements checklist') og SACC held framleis pr 2023 D. m. sanfordi som underart av kongealbatross, Diomedea melanophris, men SACC spør etter framlegg til splitt.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein stor albatross, berre vandrealbatrossen overgår denne arten i maksimal og gjennomsnittleg storleik. Kropp, hovud og underside av vaksne individ er i kvitt, men med mørke vengespissar og ein smal mørk bakkant på undervengen. Nebbet og beina er i rosa. Oversida er vengen er mørk på vaksne fuglar, men ryggen kvit. Vaksne individ av svartvengalbatross kan skiljast frå kongealbatross, eller nominatforma, med langt mørkare overside av vengen. Oversida er mørk heilt mot framkanten der den sørlege populasjonen har kvit framkant på vengen. Ungfuglar kan vere vanskelege å identifisere, men om ein fugl har svart på hovudet eller i stjertfjører er han vanlegvis ein svartvengalbatross. Eit godt kjenneteikn på begge desse artane D. sanfordi og D. epomophora (begge tidlegare kongealbatross) som skil dei frå vandrealbatross-gruppa er ei mørk stripe langs nebbgapet der vandrealbatrossen er lys rosa.[3] D. sanfordi veg i området 6,5 til 6,8 kg, har vengespenn på 3 - 3,5 meter[4] og er ca. 115 cm lang.[1]

Hekkeområdet for svartvengalbatrossen er nesten utelukkande Chathamøyane (99 %), men nokre hekkar på Aucklandøyane og på Sørøya på New Zealand.[1] Utanom hekkesesongen spreier desse albatrossane seg sirkumpolart, dei fleste mellom 30 og 52 °S.[3]

IUCN klassifiserer denne arten som sterkt truga. Populasjonen er estimert til ca. 25 000-26 000 individ og populasjonen er trudd å vere minkande.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 BirdLife International (2014) Species factsheet: Diomedea sanfordi Arkivert 2014-03-04 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. juni 2014
  2. Remsen Jr., J.V. (14. mai 2014). «A Classification of the Bird Species of South America». South American Classification Committee. American Ornithologists' Union. Henta 15. juni 2014. 
  3. 3,0 3,1 Onley, D.; Scofield, P. 2007. Albatrosses, petrels and shearwaters of the world. Helm Field Guide, Princeton University Press.
  4. Scofield Paul, Brent Stephenson (2013). Birds of New Zealand - A photographic guide. Auckland: Auckland University Press. ISBN 978-0300196825. 

Kjelder gjeve av BirdLife International[endre | endre wikiteksten]

  1. Robertson, C. J. R.; Nunn, G. B. 1998. Towards a new taxonomy for albatrosses. In: Robertson, G.; Gales, R. (ed.), Albatross biology and conservation, pp. 13-19. Surrey Beatty & Sons, Chipping Norton, Australia.
  2. Brooke, M. (2004). «Procellariidae». Albatrosses And Petrels Across The World. Oxford, UK: Oxford University Press. ISBN 0-19-850125-0.