Diplom-Is

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Diplom-Is AS
Selskapsform Aksjeselskap
Morselskap Tine BA
Hovudkontor 1483 Skytta
Bransje Iskremprodusent
Styreleiar Trond Smeby
Adm.dir. Bjørn Moldskred [1]
Tal på tilsette 569 [1]
Omsetjing 903,5 mill NOK [1]
Nettside http://www.diplom-is.no

Diplom-Is AS er ein norsk iskremprodusent som er eigd av meierisamvirkekonsernet Tine. Produksjonen er på Gjelleråsen i Nittedal kommune og i Brevik og Rakkestad av småis, større pakningar og storhushaldningsprodukt, i tillegg til kokosbollar. Selskapet produserer også iskremen til det sveitsiske Nestlé i Noreg, mellom anna Mövenpick, og distribuerer merkevarer for det amerikanske konsernet Mars i Skandinavia, med mellom anna Snickers, Mars, Bounty og M&M. Diplom-Is er den største iskremprodusenten i Skandinavia og har kring halvparten av den norske marknaden.

Selskapet var tidlegare aktivt på den svenske marknaden og hadde verksemd i Danmark, men har no trekt seg ut av Sverige og seld avdelingane i Danmark til Unilever for å prøve å betre på ei sviktande omsetjing.[2] I tillegg er norske avdelingar i Tromsø, Haugesund, Sandane, Notodden, Lillesand og Hamar lagt ned som del av omstillinga.[3][4]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Maskoten til Diplom-Is er kalla «Eskimonika».

Diplom-Is var opphavleg eit varemerke for iskrem lansert 1930 av Melkeforsyningen i Oslo, som 1946 vart del av Fellesmeieriet. Frå 1951 vart Diplom-Is brukt av alle iskremprodusentar knytte til meierisamvirket. Selskapet Diplom-Is A/L vart i 1964 skilt ut, og i 1991 vart alle produsentane samla i Norsk Iskrem BA, som i 2002 tok namnet Diplom-Is att.

Diplom-Is har røter i alle dei meieridrivne iskrem-fabrikkane i Noreg. Sjølve namnet Diplom-Is og logo vart føreskått av A. Hardt.[5] Selskapet starta i 1930 ved at Melkeforsyningen tok over eit mindre meieri i Thorvald Meyers gate i Oslo. Tuft meieri hadde ei lita avdeling for iskremframstilling, og i august 1930 vedtok styret i Melkeforsyningen å halde fram og vøle drifta. Dette skjedde frå nyttår, og varemerket vart Diplom-Is. Den kontinuerlege iskremfrysaren vart teken i bruk i 1934. I 1936 vart maskotten «Eskimonika» fødd etter ein ekskursjon til Danmark. Ho skulle symbolisere «eld mot is- kulde mot varme». I åra kring andre verdskrig låg produksjonen av iskrem nede.[6]

I 1947 gjekk meieria i Vestfold saman og etablerte iskremfabrikk i Tønsberg- Meierienes Fellesfabrikk A/L- som seinare vart flytta til Brevik i 1971. Meieria i Østfold gjekk i 1948 saman om iskremfabrikk i Rakkestad- Østfoldmeierienes Fabrikk A/L, og meieria i Agder-fylka om iskremfabrikken AMA, Lillesand i 1948.

I 1951 vart Meierienes Iskremforening etablert for å koordinere samarbeidet mellom iskremfabrikkane til meieria. Varemerket Diplom-Is vart brukt av alle produksjonsbedriftene. Denne ordninga varte i 40 år. I mellomtida var det fleire fusjonsforhandlingar, som i etappar samla eierienes iskremindustrier til ett selskap. Først ute var AMA og Meierienes Fellesfabikk A/L, som gjekk saman i 1967. Deretter fusjonerte Østfoldsmeierienes Fabrikker A/L og Meierienes Fellesfabrikk A/L i 1980, og nytt firmanamn var Meierienes Fabrikker A/L. I 1988 gjekk Frue Meieri inn som medeigar i Meierienes Fabrikker A/L og P/L Vestlandsmeieriet i 1990. Samstundes vart firmanamnet endra til Norsk Iskrem BA. Forhandlingar mellom Diplom-Is A/L, A/L Iskrem, A/L Meieriet Nord, Harstad Meieri og Norsk Iskrem BA heldt fram i 1990, og frå 1. januar 1991 vart meierienes iskremindustri samla i Norsk Iskrem BA med Diplom-Is som varemerke og eskimofiguren som symbol. På årsmøtet i Norsk Iskrem BA i april 2002 vart det vedteke å endre namn og selskapsform frå BA til aksjeselskapet Diplom-Is AS.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]