Diplomatisk immunitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Diplomatisk immunitet - immunitetar og privilegium - er innanfor diplomatiet den særlege vernet og dei særlege fordelane, som framande diplomatar og representasjonar (ambassadar mv.) nyt godt av for å lette arbeidet deira. Desse rettane er regulert i Wienkonvensjonen om diplomatisk samband.

Immunitetane og privilegia er særleg følgjande:

- Representasjonen sitt område er ukrenkeleg. Mottakarstaten sine representantar har ikkje høve til å kome inn på området utan på førehand å ha innhenta samtykke frå sjefen for representasjonen.

- Mottakarstaten har ei særleg plikt til å beskytte representasjonen sitt område mot ei kvar inntrenging eller skade, og til å hindre ei kvar forstyrring av ro og orden på representasjonen sitt område eller krenking av representasjonen si verdigheit.

- Representasjonen sitt arkiv og dokument er ukrenkelege.

- Reise- og rørslefridom

- Kommunikasjonsfridom

- Diplomatpost må ikkje opnast eller haldast tilbake.

- Ein diplomatisk representant er personleg ukrenkeleg. Han skal ikkje kunne underkastast noko form for fasthalding eller tilbakehalding. Mottakarstaten skal behandle han med skuldig respekt, og skal treffe kvart rimeleg tiltak for å hindre alle angrep på personen, og personen sin fridom og vørdnad.

- Ein diplomatisk representant sin bustad skal vere like ukrenkeleg og beskytta som representasjonen sitt område.

- Ein diplomatisk representant skal ha immunitet i saker som høyrer til mottakarstaten sitt strafferettslege system.

- Ein diplomatisk representant er ikkje forplikta til å avgi vitneforklaring.

- Fritak for avgifter og skatt, av alle slag, på personar og eignelutar, stats- eller kommuneskattar.

- Fri innføring og fritak for tollavgifter, skattar og tilsvarande avgifter.

- Fritak for borgarlege ombod og militære plikter i samband med beslaglegging, militære øvingar, innkvartering.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]