Dire Straits av Dire Straits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dire Straits
Studioalbum av Dire Straits
Språk engelsk
Utgjeve 7. oktober 1978
Innspelt Basing Street Studios, London, 13. februar til 5. mars 1978
Sjanger Pubrock, roots rock
Lengd 41:34
Selskap Vertigo (UK), Warner Bros. (USA), Mercury (CAN)
Produsent Muff Winwood
Dire Straits-kronologi 
Dire Straits Communiqué
(1979)
Singlar frå Dire Straits
  1. «Sultans of Swing»
    Utgjeve: Mai 1978
  2. «Down to the Waterline / Water of Love»
    Utgjeve: 1978

Dire Straits er debutalbumet til det britiske rockebandet Dire Straits, gjeve ut 7. oktober 1978 av Vertigo Records interasjonalt og av Warner Bros. Records i USA.[1][2] Albumet inneheld hitsingelen «Sultans of Swing», som nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i USA og åttandeplassen på UK Singles Chart i Storbritannia. Albumet nådde toppen av albumlistene i Australia og Frankrike, andreplassen i USA og femteplassen i Storbritannia. Dire Straits selde til dobbel platinaplate i USA og Storbritannia.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dire Straits vart til gjennom eit musikalsk samarbeid mellom brørne Mark og David Knopfler. Etter å ha gått ut frå college med ein grad i engelsk, byrja Knopfler å arbeide som journalist for Yorkshire Evening Post.[2] Han ønskte ein karriere innan musikk, og byrja som lærar ved Loughton College medan han spelte musikk på kvelden, i forskjellige pubar kring byen, som Brewer's Droop og Cafe Racers.[2] Etter ein skilsmisse og økonomiske problem, flytta Knopfler inn i leiligheita til broren David, der John Illsley òg budde.

I 1977 valde Mark, John og David å starte eit band. Dei tok med seg trommeslagaren Pick Withers og byrja å øve. Ein ven av dei gav gruppa namnet, som refererte til den økonomiske situasjonen deira (namnet tyder «i alvorleg pengeknipe»).[2] Etter nokre få månader med øvingar, lånte bandet nok pengar til å få spelt inn ein demo med fem songar, som inkluderte songen «Sultans of Swing». Dei tok lydbandet med seg til plateprataren Charlie Gillett, som hadde eit radioshow kalla «Honky Tonk» på BBC Radio London. Bandet respekterte Gillett og ønskte å få råd frå han. Gillett likte det han høyrte og starta å spele «Sultans of Swing» på showet sitt. To månader seinare fekk Dire Straits platekontrakt med Phonogram Records.[2]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Dire Straits vart spelt inn i Basing Street Studios i London frå 13. februar til 5. mars 1978. Knopfler nytta eit par gitarar for innspelinga, mellom anna eit par raude Fender Stratocasterar—ein frå 1961 (serienummer 68354) og ein frå 1962 (serienummer 80470). Han spelte sin 1938 National Style O 14 fret gitar (serienummer B1844)[Note 1] på «Water of Love» og «Wild West End». Han nytta òg ein svart Telecaster Thinline (serienummer 226254) på «Setting Me Up». Ein uidentifisert akustisk gitar vert òg nytta på fleire songar. Albumet vart produsert av Muff Winwoodog lydteknikaren var Rhett Davies.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars [4]
Robert ChristgauB [5]
Rolling StonePositiv [6]

Singelen «Sultans of Swing» nådde topp fem på singellista i USA tidleg på våren 1979 og vart ein stor hit fem månader seinare då albumet kom ut der, og steig så til åttandeplassen i Storbritannia. «Water of Love» vart òg gjeve ut som singel i somme land, og gjekk inn på salslista i Australia, der han nådde 54. plassen, og i Nederland, der han nådde 28. plassen.[7] I Europa selde albumet fire millionar eksemplar, og i USA aleine selde det to millionar.

Albumet vart remastra i lag med resten av Dire Straits-katalogen i 1996 i det meste av verda utanom USA og i 2000 i USA.[8]

Plateomslaget er henta frå eit måleri av Chuck Loyola. Dire Straits Fender-ikonet som finst på baksida av omslaget, vart laga av Geoff Halpern.

I AllMusic gav Stephen Thomas Erlewine albumet fire av fem strjerner og kalla det «merkverdig fullendt for å vere ein debut».[4] Erlewine hylla Knopfler sine «små, smakfulle gitarlinjer og den rustne songen» og hans «helling mot Dylan-aktige bilete, som forsterkar den røykfylte, dempa atmosfæren på albumet.»[4]

I meldinga si for Rolling Stone skreiv Ken Tucker at bandet «spelar stramt, ei blanding av rock, folk og country med ei ekte and og vittig ironi. Det er nesten som om dei er klar over at styrken deira er at dei har ingenting å gjere med det som skjer akkurat no i musikkindustrien, men at dei ikkje kunne bry seg mindre.»[6] Tucker peikte på «Sultans of Swing» for sine «uungåelege strofer» og «Bob Dylan-aktig snerr i vokalen».[6] Han hylla òg «Setting Me Up» som eit «himmelsk nummer, morosam og bitter.»[6]

Turné[endre | endre wikiteksten]

Dire Straits marknadsførte utgjevinga av den første singelen og albumet sitt med ein turné, som starta 6. juni 1978 i Lafayette Club i Wolverhampton, og bestod av 55 konsertar. Turneen enda 18. november 1978 ved College of Education i Hitchin.[9] Den europeiske turneen bestod av konsertar i Storbritannia, Frankrike, Belgia, Tyskland og Nederland. DEsse konsertane presenterte Dire Straits for dei største publukuma til bandet til då. Den første delen av turneen marknadsførte singelen «Sultans of Swing». Denne fann stad i Storbritannia juni og juli 1978. GRuppa spelte typisk i små salar med maksimum kapasitet på eitt tusen. Den andre delen av turneen marknadsførte albumet, og denne fann stad i fleire europeiske land, der dei møtte journalistar og spelte på fjernsynsprogram.[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler.

Nr.TittelLengd
1.«Down to the Waterline»3:55
2.«Water of Love»5:23
3.«Setting Me Up»3:18
4.«Six Blade Knife»4:10
5.«Southbound Again»2:58
6.«Sultans of Swing»5:47
7.«In the Gallery»6:16
8.«Wild West End»4:42
9.«Lions»5:05
Total lengd:41:34

Det originale albumet hadde ein noko kortare versjon av «Sultans of Swing», der dei siste sekunda av gitarsoloen på slutten av songen er fjerna. Den fulle versjonen vart teken med på den remastra utgåva av albumet. Kasettversjonar av albumet hadde ofte byta om på dei to sidene og bestod av spor 6–9 på sida A og 1–5 på side B. På den franske kassettutgåva var «Down to the Waterline» og «Wild West End» byta om.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikk
Produksjon

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Dire Straits låg 132 veker på UK Album Chart. I Australia var albumet det tiande mestseljande i 1978.

Liste (1978) Plassering
Australia 1
Austerrike 17
Frankrike 1
Tyskland 3
Noreg 10
New Zealand 2
Sverige 6
UK Album Chart 5
US Billboard 200 2

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Song Billboard Hot 100 UK Singlar
1979 «Sultans of Swing» 4 8

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Nivå Dato
RIANZ – New Zealand Gull Desember 1978
BPI – UK Sølv 2. februar 1979
RIAA – USA Gull 21. februar 1979
ARIA – Australia Platina Februar 1979
RIANZ – New Zealand Platina Februar 1979
RIAA – USA Platina 27. mars 1979
BPI – UK Gull 30. mars 1979
IFPI – Germany Gull 3. april 1979
BPI – UK Platina 23. november 1979
IFPI – Germany Platina 1979
SNEP – France Platina 1982
BPI – UK 2x Platina 7. februar 1986
RIAA – USA 2x Platina 6. januar 1987

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Knopfler's 1938 National Style O 14 fret gitar— er den legendariske gitaren som er avbilda på omslaget til Brothers in Arms—modellen frå 1937 vart kjøpt tidleg i 1970-åra av Steve Phillips. Knopfler har nytta denne på alle Dire Straits-albuma og alle soloalbuma sine.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dire Straits». Discogs. Henta 15. september 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Dire Straits Biography». Musician Guide. Henta 15. september 2014. 
  3. «National Style O». Mark Knopfler Info. Henta 15. september 2014. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Erlewine, Stephen Thomas. «Dire Straits». AllMusic. Henta 15. september 2014. 
  5. Christgau, Robert (2011). «Robert Christgau: CG: dire straits». robertchristgau.com. Henta 15. september 2014. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Tucker, Ken (25 January 1979). «Dire Straits». Rolling Stone. Henta 15. september 2014. 
  7. «Dire Straits». Dutch Charts. Henta 15. september 2014. 
  8. «30 years of Dire Straits!». 16. januar 2010. Arkivert frå originalen 26. april 2012. Henta 15. september 2014. 
  9. 9,0 9,1 «Dire Straits tour 1978». Mark Knopfler Info. Henta 15. september 2014. 
  10. Dire Straits (booklet). Dire Straits. Burbank, California: Warner Bros. Records. 1978. s. 11–12. 947769-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]