Direktedemokratane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Direktedemokratane
LandNoreg
Partileiar(ar)Roy Magnus Løken
Grunnlagt2002
Ideologidirektedemokrati Sjå dette på Wikidata

Direktedemokratane (DD) er ei rørsle som ynskjer å innføre direktedemokrati i Noreg. Rørsla ynskjer å oppnå dette ved å stille kandidatar til kommune-, fylkes- og stortingsval. Direktedemokratane kjem då til å halde innbyrdes val i kvar enkelt sak som desse representantane skal røyste i. DD-representantane vil vere bundne til å røyste slik som resultatet av dei innbyrdes vala vert. Vala skal gjennomførast på internett. For å røyste innbyrdes i DD skal ein ikkje trenge å betale medlemsavgift, men ein må registrere seg med personalianettstaden deira.

Rørsla Direktedemokratane har prinsipielt sett ikkje nokon politisk agenda utanom å innføre direktedemokrati.

Leiaren i Direktedemokratane er Roy Magnus Løken. Rørsla har ein nestleiar; Lars Kilevold.

Tilknytingar[endre | endre wikiteksten]

Systerrørsler[endre | endre wikiteksten]