Dirty Work

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dirty Work
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 24. mars 1986
Innspelt 8. april til 17. juni 1985,
16. juli til 17. august 1985
Sjanger Rock
Lengd 40:03
Selskap Rolling Stones/Virgin
Produsent Steve Lillywhite
og The Glimmer Twins
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi
Undercover
(1983)
Dirty Work Steel Wheels
(1989)

Dirty Work er det 18. studioalbumet til The Rolling Stones (eller 21. amerikanske album). Det kom ut 24. mars 1986Rolling Stones Records. Det vart produsert av Steve Lillywhite og vart innspelt i ein periode der forholdet mellom Mick Jagger og Keith Richards var dårleg. Albumet vert ofte trekt fram som det verste albumet dei laga.[1]

Albumet inneheldt ein hit, «Harlem Shuffle», og hadde med fleire gjesteartistar som Tom Waits, Jimmy Page, Patti Scialfa og Bobby Womack.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga starta i april 1985 i Paris og pågjekk i to månader, før dei tok ein kort pause.[2] Mick Jagger hadde nettopp gjeve ut det første soloalbumet sitt, She's the Boss, til Richards sin store irritasjon, som meinte at Jagger ikkje la nok innsats inn i bandet, men fokuserte meir på solokarrieren. Jagger var ofte borte frå innspelinga, medan Richards i lag med Ronnie Wood, Bill Wyman og Charlie Watts gjorde grovarbeidet. Vokalen til Jagger vart lagt på seinare. Skiljet mellom Jagger og Richards vart tydeleg 13. juli 1985 då Jagger spelte solo på Live Aid, medan Richards og Wood spelte akustisk gitar for Bob Dylan på same konsert.

Charlie Watts medverka heller ikkje stort. I 1993 fortalte han Ed Bradley60 Minutes at han i 1980-åra var avhengig av heroin og alkohol og at dette medførte at han vart erstatta av andre trommeslagarar på både Undercover og Dirty Work. Steve Jordan og Anton Fig speler begge trommer på nokre av songane, medan Ronnie Wood spelar trommer på «Sleep Tonight».

Fire av dei åtte originale songane på albumet er tilskriven Jagger/Richards/Wood og ein til Jagger/Richards/Chuck Leavell. Berre tre er tilskriven Jagger/Richards, det lågaste talet sidan Out of Our Heads (1965). Dirty Work er det første Rolling Stones-albumet der Richards syng solovokal på meir enn ein song («Too Rude» og «Sleep Tonight»).

12. desember 1985 døydde brått Ian Stewart, eit av medlemmene som grunnla the Rolling Stones og som hadde spelt piano og vore turnemanageren deira sidan den gong. Han vart 47 år gammal. Til minne om venen deira la dei til eit skult spor på slutten av albumet der Stewart spelar Big Bill Broonzy sin «Key to the Highway».

I mars 1986 vart coverversjonen av «Harlem Shuffle» gjeven ut som singel, den første hovudsingelen deira frå eit studioalbum som ikkje var tilskriven Jagger/Richards sidan tidleg i 60-åra. Singelen fekk grei mottaking og nådde 13. plass i Storbritannia og 5. plass i USA. Oppfølgjaren var «One Hit (to the Body)», som nådde Topp 30.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Dirty Work vart gjeven ut ei veke etter «Harlem Shuffle», og nådde fjerdeplass i Storbritannia og USA, og tredjeplass i Noreg. Kritikarane var ikkje like entusiastiske. Enkelte meinte at Jagger hadde spart dei beste songane for soloalbumet sitt, og at songane på Dirty Work rett og slett ikkje var gode nok. Denne haldninga har ikkje endra seg særleg i nyare tid, noko som truleg kjem av mangelen på sterke songar og den plastiske 80-talsproduksjonen.[1][3][3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «One Hit (to the Body)» (Jagger/Richards/Wood) 4:44
2. «Fight» (Jagger/Richards/Wood) 3:09
3. «Harlem Shuffle» (Bob Relf/Ernest Nelson) 3:24
4. «Hold Back»   3:53
5. «Too Rude» (Lydon Roberts) 3:11
6. «Winning Ugly»   4:32
7. «Back to Zero» (Jagger/Richards/Leavell) 4:00
8. «Dirty Work» (Jagger/Richards/Wood) 3:53
9. «Had It with You» (Jagger/Richards/Wood) 3:19
10. «Sleep Tonight»   5:11
11. «Key to the Highway» (Big Bill Broonzy/Charles Segar) 0:33

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]