Diskusjon:Åndsrett

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Desse rettane kan kome til uttrykk ved fysiske døme, men det er ikkje desse åndsretten vernar. Det som vert verna er ideen, kunnskapen, forma eller liknande som ligg bak. Åndsretten er såleis eit fellesomgrep på ulike reglar som gjev vern mot at andre etterliknar nokon sine prestasjonar eller urettmessig utnyttar nokon sitt gode namn og rykte (goodwill).»

Dette trur eg ikkje er heilt rett. Eg har ikkje tid til å fiksa på det no. Eg kan for lite om opphavsrett til å retta på sparket. Kan heller koma tilbake til det seinare, men tek gjerne imot tilbakemelding.

Hal R. Varian skriv i «Copying and copyright» (journal of economic perspectives vol 19 no 2 - spring 2005) som eg tilfeldigvis(?) har framfor meg no: «It is important to understand that neither copyright nor patents offer intellectual property rights for ideas. Rather, the expression of ideas is subject to copyright.» [...] «copyright is relatively narrow in that it is only the expression that is protected; it does not protect facts, ideas, concepts or methods of operation.»--Sigbjørn 15. september 2011 kl. 22:06 (CEST)[svar]

emne eller tekst som kanskje bør nemnast?[endre wikiteksten]