Diskusjon:Åsatru

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva med å slå saman desse artiklane? Det er trass alt snakk om akkurat same trusgrunnlaget, berre med litt ulik grad og type av andre kulturelle innslag. Slik sett er det ikkje vesentleg ulikt hinduisme, kristendom eller jødedom... Om vi samlar artiklane, så vil det vera lettare å samordne skrivinga og unngå dobbeltarbeid òg. -- Olve 21. nov. 2005 kl. 23:00 (UTC)

No kan ikkje eg så svært mykje om emnet, men skil ikkje åsatru seg frå desse religionane ved at tradisjonen blei broten ein stad mellom norrøn og notid? Artiklane bør sjølvsagt visa til kvarandre, men eg synest begge bør finnast, sidan dei har ulike definisjonar og ståstader.
Kategoriane er eg derimot heilt for å slå saman på eitt eller anna vis. -- Ranveig 21. nov. 2005 kl. 23:23 (UTC)
Eg har ikkje sett på nokon av artiklane, men å slå saman plar sjeldan vera bra (iallfall ikkje slik dei driv med på en.wiki). Er ikkje åsatru ei nemning som blir brukt om ein "trusretning" som blir utøvd i notid? Kanksje åsatru kan vera ganske kort og visa til norrøn gudelære? --Guttorm 21. nov. 2005 kl. 23:29 (UTC)
Tja... Det finst no dei som hevdar at tradisjonen aldri vart heilt broten. Og eg lurer òg på kva vi skal seie at vikingane heldt seg til. Var ikkje det òg åsatru? Kinkig dette... :] Olve 22. nov. 2005 kl. 01:47 (UTC)