Diskusjon:Åtaket på naudhjelpkonvoien til Gaza

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nynorskordboka [1] definerer terror slik: «terror m1 (lat.) bruk av (trugsmål om) vald for å oppnå visse mål blind t- / politisk t-». Eg kan ikkje sjå anna enn at å skyta sivile som fraktar naudhjelp på kloss hald kjem inn under denne definisjonen. --Sigmundg 5. juni 2010 kl. 12:02 (CEST)[svar]

Ein slik definisjon er alt for vid. Ein kan bruka han til å hevda at norske motstandsfolk, drapsfolka på Orderud, bankranarar, til og med mobbarar driv med «terror». Dette er ikkje eit nyttig utgangspunkt for oss om me skal bruka omgrep som terror og terrorisme. --Ranveig 5. juni 2010 kl. 12:31 (CEST)[svar]
Pax Leksikon gjev ei betre drøfting av omgrepa «terrorhandling» og «terrorisme». --Ranveig 5. juni 2010 kl. 12:39 (CEST)[svar]
Eg er samd i at einbør skilja mellom vinningsforbrytarar og frihjeringsrørsler. Det som Israel gjorde var vel likvideringar som var meint for å staturera eit eksempel, men eg veit ikkje om likvidering er eit nynorskord. Ein ville vel seia drap på nynorsk. --Sigmundg 5. juni 2010 kl. 13:42 (CEST)[svar]
Har sjekka med[1] og ser at «likvidering» er eit offisielt nynorskord. --Sigmundg 5. juni 2010 kl. 13:48 (CEST)[svar]
  1. 1,0 1,1 Nynorskordboka, UiO.no.

Misvisande namn på artikkel?[endre wikiteksten]

Tittelen bør kanskje endrast, frå ":Åtaket på naudhjelpkonvoien til Gaza". (Sjå namnet på bokmål-artikkelen.) Det er ikkje helt uvanlig at skip "bordes" i internasjonale farvann, kan ein si.
Eit åtak av marinestyrkar? Hmm.
Bording med ladde våpen? Ja. Det er vanlig måte å borde på, kan ein seie.
Betong som nødhjelp? Mat og vann og betong?
Bordingen av naudhjelpkonvoien til Gaza i 2010? Helsing Sju hav (diskusjon) 9. august 2020 kl. 01:05 (CEST)/ Sju hav (diskusjon) 9. august 2020 kl. 01:07 (CEST)[svar]