Diskusjon:Øresundbrua

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er det naudsynt å omsetje kodane òg? Det virker jo med Image: i staden for Fil: og liknande. (Tenkjer på redigeringa til Frokor) Martin NH 8. juli 2008 kl. 19:30 (CEST)[svar]

Det er vel ikkje naudsynt går eg ut i frå, men eg og fleire med meg har for vane å gjere det. I starten let eg òg berre kodane stå uomsett, og då omsette andre dei til norsk. Eg veit ikkje om det har vorte diskutert om det vere slik eller ikkje. Eg syns det er fint at alt kan vere norsk då.
Det som uansett har vorte diskutert og som det er semje om er at ein ikkje tar med storleiken på bileta (250px, 200px osv). Dette kjem av at du då låser fast storleiken på bilete og du kan ikkje då velje sjølv kva storleik du vil ha på bileta (som du kan velje i innstillingane dine). Default er vel 180px trur eg. Eg har stilt min opp til 250px. For enkelte bilete, som panoramabilete eller i enkelte tilfelle der det kan vere greit med stort bilete, kan det likevel vere greit å setje ein fast storleik. --Frokor 8. juli 2008 kl. 21:34 (CEST)[svar]

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 04:50 (CEST)[svar]

[daud lenkje]

Går ikkje jarnbana i ein tunnel under vatn? I infoboksen står det at jarnbana går på brua. MVH Megnorge 21. mars 2011 kl. 19:11 (CET)[svar]

Tja, kanskje det er derfor den danske artikkelen heiter Øresundsforbindelsen? --Ranveig 22. mars 2011 kl. 10:57 (CET)[svar]
Jernbanen går på brua. Det er to plan, eit for vegen og eit for jernbanen. Been there, done that, for å seia det på nynorsk. Martin NH 22. mars 2011 kl. 17:15 (CET)[svar]
Det var det eg trudde Martin NH, har jo køyrt der sjølv, men i følge andre leksikon på internett (hugsar ikkje namn) går jarnbana i tunnel under vatn, så eg blei plutseleg litt usikkar. MVH Megnorge 22. mars 2011 kl. 17:36 (CET)[svar]

Artikkelnamn[endre wikiteksten]

Kvifor er ikkje artikkelnamnet Øresundsbron? MVH Megnorge 30. mars 2011 kl. 16:38 (CEST)[svar]

Me skriv norsk, ikkje svorsk (eller dorsk...). --Ranveig 30. mars 2011 kl. 17:15 (CEST)[svar]
Eg er heil enig med deg, men sidan eg fekk dette svaret: Det offisielle namnet bør vera artikkelnamnet.diskusjonssiden til London Heathrow Airport så lurte eg berre på om det gjeld berre flyplassar eller om det gjeld alle artikklar. MVH Megnorge 30. mars 2011 kl. 17:32 (CEST)[svar]
Ah. Me er stort sett samde om at det vanleg brukte namnet (på norsk) skal brukast som artikkeltittel. Det er kanskje ikkje så stort problem så lenge me tek for oss namn frå språk dei fleste nordmenn kan, men eg kan lova at det blir vanskeleg når me flytter oss t.d. til månadens dugnadsområde. Om det finst eit utbreidd norsk namn for Heathrow, kan me gjerne bruka det. Eg sjekka SAS og Norwegian sine nettstader, og dei bruker ganske enkelt London-Heathrow, London-Gatwick osb. Kanskje noko for oss? --Ranveig 30. mars 2011 kl. 18:15 (CEST)[svar]