Diskusjon:116 Sirona

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

« Sirona, gudinna for astronomi i keltisk mytologi.» ja eg ser det står så i den engelske artikkelen òg. Men ser ein i den engelske artikkelen om gudinna er ikkje astronomi nemt i anna samanhang enn at namnet kjem frå same rota som ordet for stjerne. Dei seier ho truleg var gudinne for lækjedom. I tillegg er det truleg feil å snakke om den keltiske gudinna for... Sirona finne ein spor etter hos nokre galliske stammar. Det var mange andre folkeslag òg som snakka keltiske språk. Så skal ein seie noko kan ein truleg ikkje seie meire enn ei gallisk gudinne for lækjedom, trur eg. --Ekko 12:54, 31 januar 2008 (CET)

Du har nok rett i at det er å gå litt for langt å kalle henne ein astronomigud, men namnet Sirona er tolka (usikkert) som 'Divine star' ("Sirona" i A Dictionary of Celtic Mythology. James McKillop. Oxford University Press, 1998.). Eg gjekk også ut frå at du meinte keltisk og ikkje gallisk i omformuleringsforslaget ditt. --Ranveig 13:15, 31 januar 2008 (CET)
Nei. Dersom ein nyttar keltisk om alle dei folka som har/hadde keltiske språk, så vil gallarane vera ei undergruppe. Og når ein ikkje finn denne gudinna hos andre enn gallarar er det vel ikkje naudsynt å trekkje inn det store omgrepet. Det blir litt som å seie europeisk om tilhøve i Asker og Bærum. --Ekko 13:34, 31 januar 2008 (CET)
No har eg lese artikkelen din og rullar kjapt attende. «Gudar for liv og lyst»!? Ja, det var gudane sine det. --Ekko 14:18, 31 januar 2008 (CET)
Eg har ikkje noko særleg tilhøve til gallarar (utover Asterix) slik at eg ikkje visste heilt kvar dei heldt til. Då blei keltarar tryggast. Elles kan vel nesten dei fleste gudane passa inn i den kategorien, men nokre av dei meir enn andre... --Ranveig 14:28, 31 januar 2008 (CET)
Eg plar sjekka dei engelske gudeartiklane når eg set om; men då mest for å få greia på korleis gudenamnet er på norsk. Det er jo alltid litt fare for feil når ein nyttar seg av ein annan wikipedia; men det viktigaste med asteroideartiklan er baneparameter og fysiske eigenskapar, noko eg etter kvart har fått til ein enkel og god kjeldetilvisning på (kjelde D). Eg kjem til å studera innleiinga i dei aktuelle gudeartiklane betre, no når eg ser at det trengst. --Harald Khan Ճ 17:37, 31 januar 2008 (CET)