Diskusjon:1972

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grammatisk tid i årstalsoppslag[endre wikiteksten]

I hendingane vart det endra grammatisk tid frå preteritum til historisk presens. Har me ei retningsline for dette, slik at det ikkje vert endra fram og tilbake? --Gunnernett 26. mars 2006 kl. 11:08 (UTC)

Nei, trur ikkje dét. Men det er fint viss einkvan vil laga det!
I denne artikkelen var båe delar brukt like mykje (fire innslag i presens og fire i preteritum), so eg berre valde det eine, meir eller mindre vilkårleg.
--Verdlanco\ordskifte 26. mars 2006 kl. 12:27 (UTC)
Eg er sterkt imot bruken av historisk presens i faktaartiklar, som eg trur er ei påverking frå engelsk Wikipedia, og har derfor endra dette der eg har kome over det. Verkemiddelet blir vel helst brukt i skjønnlitteratur og av idrettsutøvarar. På bokmålswikipediaen er dei blitt einige om å gå vekk frå det [1]. Caplex skildrar det òg som eit dramatisk verkemiddel. -- Ranveig 26. mars 2006 kl. 20:21 (UTC)
Forutan ei anna sak som ein indirekte kan relatera til Nynorsk Wikipedia , vart emnet historisk presens òg teke opp i dagens Typisk norsk (18 minutt inn i sendinga). Eg er etter dette samd i at det ikkje er naudsynt å bruka historisk presens som verkemiddel i faktaartiklar som våre. (Og heller ikkje hysterisk presens, som er namnet Typisk norsk gav eit anna språkleg verkemiddel som er på frammarsj blant nordmenn! )
--Verdlanco\ordskifte 26. mars 2006 kl. 20:43 (UTC)