Diskusjon:26. mai

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Namnedagar og liknande øvst eller nedst?[endre wikiteksten]

Eg likar betre at dei står øvst — mellom anna fordi desse dagane er markerte merkedagar for mange menneske, og dermed meir «matnyttig» enn kuriositetar som fødsels- og dødsdatoar som ofte ikkje blir praktisk markerte. -- Olve 24. mai 2005 kl. 2252 (UTC)

Nja, eg veit ikkje - eg synest nå det er meir kuriøst med svensk namnedag og eit dusin helgenar. Desse siste passer òg særs godt etter dei døde, ettersom dei fleste faktisk døydde den dagen dei blei helgenar for. Eg synest at særleg helgenane tar litt for stor plass øvst i artikkelen. -- Ranveig 25. mai 2005 kl. 0021 (UTC)
Etter litt fundering kom eg fram til at det er dumt å dela opp dei årlege merkedagane, men ein kan kanskje gjera lista minder, til dømes ved å legga namnedagane inn i ein tabell heller enn under overskrifter. Er dette ein betre løysing? -- Ranveig 25. mai 2005 kl. 1937 (UTC)