Diskusjon:Ada i Ghana

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Burde ikkje denne artikkelen (fint tiltak, forresten!) heller stå på Ada i Ghana, i tråd med kva som elles blir gjort her på nn...? :-) -- Olve 10. mar 2005 kl. 1155 (UTC)

Eg tykkjer ikkje det, i tråd med slik eg tykkjer det bør vera, men så har eg ikkje tenkt så veldig hardt gjennom dette. Problemet med slike titlar framfor bruk av parentes og komma er vel at, tillegget ("i Ghana") lettare blir oppfatta som ein del av namnet/tittelen, når det ikkje er det. Dette har me blitt gjort merksam på fleire gonger. Ellers finst det kanskje diskusjon om dette på no.wikipedia? eg har sett at dei har gått bort frå "i Xxxxxx" til ", Xxxx".--Guttorm 10. mar 2005 kl. 1244 (UTC)
Problemet med "i" gjeld vel helst for norske namn, der slike namn faktisk er vanleg. Eg tviler på at dei bruker same preposisjonen i Ghana... -- Ranveig 10. mar 2005 kl. 1857 (UTC)
Eg er einig i at "i Ghana" ikkje høyres bra ut. Dersom vi absolutt ikkje vil ha komma, kanskje vi kan nytte "frå" om personar, altså "Ada frå Ghana"? -- Larsivi 10. mar 2005 kl. 1249 (UTC)
Når det gjeld no:, så vart problemstillinga m.a. drøfta her. Elles er det no snakk om byen Ada i Ghana, ikkje personen Ada frå Ghana... :) Eg er einig (men det er det no slett ikkje alle her på nn: som er) i at parentes kan vera brukande. Komma i amerikansk stil er eg derimot svært uglad i. -- Olve 10. mar 2005 kl. 1256 (UTC)
Heh, byen ja. Då må det sjølvsagt vere "i". -- Larsivi 10. mar 2005 kl. 1325 (UTC)

I følgje http://www.fallingrain.com/world/GH/0/Ada3.html kan byen òg heita Adda, Beachtown, Addah, Addafoa og Ada Foah. Dei kan kanskje vera alternativ - særleg "Ada Foah" gjer mange google-treff, og bare for denne byen (i alle fall på første sida). Berre eit forslag... elles er einig i at kommabruken er ein amerikansk skikk som me ikkje bør etterapa. -- Ranveig 10. mar 2005 kl. 1857 (UTC)

Ada Foah ser bra ut! :-) Det bør kanskje vera tilvisingar frå dei andre formene...? -- Olve 10. mar 2005 kl. 2042 (UTC)