Diskusjon:Algeriekrigen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva er grunngjevinga for å hevda at Algerie var ein del av Frankrike og ikkje ein koloni?

Eg veit ikkje, truleg at ein i Frankrike hadde koloni som ei administrativ eining (trur eg), og at Algerie ikkje var ei slik. Hugsar eg rett var Algerie rett og slett gjort om frå koloni til departement på eit eller anna tidspunkt. Veit ikkje i hvilken grad algeriarar av nordafrikansk avstamming faktisk kjende seg som franskmenn. denne artikkelen har eit forbetringspotensiale. PS. Kvifor ikkje registrera deg? --Ekko 2. april 2006 kl. 09:26 (UTC)

Eg hadde gløymt å logga inn (det er ikkje fyrste gongen).

Du har nok rett i at Algerie vart gjort om til departement. Men Frankrike utlyste ikkje folkerøysting i Algerie fyrst! Dette var ein freistnad på å halda på Algerie då dei såg at koloniveldet tok til å rakna. Alle algeriar eg har tala med (ikkje så få) har sett på Frankrike på same måte som ein norsk jøssing såg på Tyskland i perioden 1940-1945. I røynda var det ein brutal okkupasjon, men bruk av grov tortur, fengsling og drap. Eg er ikkje heilt sikker på kor mange algeriar som vart drepe, men algeriar eg har tala med meiner at om lag 12% av innbyggjarane mista livet. Truleg finst det ikkje nøyaktige tal for dette. Det finst framleis mange martyrsoner og martyrdøtre i Algerie.

Fransk Wikipedia: http://fr.wikipedia.org/wiki/Algerie, nyttar overskrifter som «La colonisation française» og «Les forces d'occupation». Den brutale framferda i Algerie har lenge vore tabu i Frankrike (folk flest vil ikkje tala om dette emnet) og det er fyrst i dei siste åra at ein har teke til å diskutere dette. Men slik diskusjon skjer framleis for det meste i akademiske miljø; den tysk-franske fjernsynskanalen Arte har mange slik diskusjonar og der har franske generalar innrømt at tortur vart nytta i Algerie.

Brukar:Sigmundg

Jau, eg skulle ynskje me kunne skrive ærleg om slike vanskelege ting. Dokumentasjon er vel stikkordet her, så vidt eg minns finst det god dokumentasjon både på massakrane og torturen under frigjeringskrigen. Eg er samd i det du nesten skriv at me ikkje må la nøytalitetsynskjet ende opp med at me ikkje torer skrive sanninga. Tage Danielsson har ein god metafor for den slags prat: "Nokon seier at Oslo ligg i Danmark, andre at Oslo ligg i Noreg. Sanninga ligg vel ein stad midt i mellom". --Ekko 2. april 2006 kl. 10:35 (UTC)