Diskusjon:Amøbe

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen motseier seg sjølv; kvifor nytta ein taksoboks om noko som ikkje lenger er eit gyldig takson? Engelsk wikipedia skriv om slekta amøbe Amoeba, medan denne artikkelen tek for seg amøboide organismar generelt. (ja, eg veit det var eg som spurde om taksoboksen, men det forandrar ikkje evolusjonshistoria til amøbane) --Gunnar Mikalsen Kvifte 16:06, 19 januar 2008 (CET)

Då svarer altså artikkelen vår til en:Amoeboid og ikkje en:Amoeba? Då kan boksen fjernast, eller flyttast til ein slektsartikkel.
Om det er slik at fleire undergrupper (som ikkje nødvendigvis er i slekt) kan kallast amøbe, ser eg ikkje noko gale i å ha med taksoboks for kvar av dei -- om det ikkje blir for rotete. --Ranveig 17:33, 20 januar 2008 (CET)
Den beste løysinga slik eg ser det er å flytta denne artikkelen til amøboid, og skriva ein ny tekst (med taksoboksen i denne artikkelen) om amøbe, gjerne ut frå en:Amoeba. Eg kan prøva å sjå til dette litt seinare i kveld.--Gunnar Mikalsen Kvifte 18:35, 20 januar 2008 (CET)
Eg kjem til å la artikkelen «Amøbe» handla om amøboidar, sidan ein vanlegvis berre omtalar amøboidar amøbar. Skiljet er ikkje eigna til å skapa stort anna enn forvirring slik dei to omgrepa vert brukt per i dag. Eg vil difor skriva generelt om ymse amøboide skapnadar, pluss ein del om oppbygnad, økologi og evolusjon. Spirestatusen til denne artikkelen skal vekk i løpet av februar!--Gunnar Mikalsen Kvifte 06:20, 6 februar 2008 (CET)
Einig. --Ranveig 10:29, 6 februar 2008 (CET)