Diskusjon:Anders Behring Breivik

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er dette ein nødvendig artikkel? Eg stemmer for at denne sida omdirigerer til terroråtaka 22. juli 2011. --Fredrasa 16. november 2011 kl. 00:20 (CET)[svar]

På den eine sida er han berre kjend for éin ting; men på hi sida er hendinga so stor i omfang og godt kjend at det vert naturleg at me har eigen artikkel for gjerningspersonen. Njardarlogar 16. november 2011 kl. 01:33 (CET)[svar]
Samd. Det er fleire ulemper ved samanslåing til lange artiklar. Ein ting er at artiklane vert lange, alle har ikkje same evne til å trekkje ut opplysningar dersom tekstmengda blir for stor. Ein annan ting er kategoriseringa. Ein tredje ting interwikilenkjene. No er denne artikkelen rett nok veldig stutt, men i akkurat dette spesielle tilfellet er det betre med lite enn mykje. --Knut 16. november 2011 kl. 08:48 (CET)[svar]
Må seia eg likar at artikkelen om gjerningsmannen er såpass kort! Breivik får nok merksemd som det er. HallvardLid 19. desember 2011 kl. 16:10 (CET)[svar]