Diskusjon:Aylar Lie

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Aylar Lie er kjend nok til å ha ein artikkel på Nynorsk Wikipedia. Ho er ein person som vert omtala mykje i media. --Cato 21:13, 6 mars 2007 (CET)

So er me der igjen. Skal verkeleg medieomtale vera lik leksikonomtale? --Ekko 22:00, 6 mars 2007 (CET)
Det er kanskje fleire som vil lese om Aylar Lie enn om Eivind Vågslid‎? Men eg tok vekk den tomme kategorien om pornografi - eg synest ikkje det er rett å båssette henne på den måten, ut frå artikkelen høyrer pornokarriera fortida (og eit anna pseudonym) til. - Knut 00:03, 7 mars 2007 (CET)
Ei gong, om ikkje så alt for lenge, har kanskje alle gløymd Aylar Lie, og folk som finn og les ei tilfeldig norske avis eller vekeblad frå byrjinga av 2000-talet må gå til Wikipedia for å finne ut kva Aylar Lie var for noko. Så kan dei undre seg over for ei merkeleg tid byrjinga av 2000-talet var. Eivind Vågslid derimot vil alle kjenne godt til, og artikkelen vil verte utvida, oppdatert og endra nesten kvar veke. Kanskje. --Jorunn 00:29, 7 mars 2007 (CET)
«As we may think» - Knut 00:45, 7 mars 2007 (CET)
Gjev me alle ting same verdi, har ingen ting særleg verdi. --Ekko 15:20, 7 mars 2007 (CET)

Eg må verkeleg sei at eg ikkje forstår kva dette er å krangle om?

Dersom svensk og bokmålswikipedia som begge har mange fleire artiklar enn oss har plass til denne artikkelen så må vel nynorsk wikipedia med 20 000 artiklar ha plass til den óg. Nynorsk Wikipedia kjem aldri til å bli større om alle skal bruke tid på å krangle med andre om kva artiklar vi skal ha. Aylar Lie er i media stadig vekk, og ein del folk er nok interessert i å lese om ho. Og du Jorunn må hugse på at ingen veit enno om Aylar vil bli gløymd om nokre år. Sjå berre på Lillian Muller som er 55 år og framleis kjend som modell. --Cato 18:42, 7 mars 2007 (CET)

Dette er ulike syn på kva som høyrer heime i eit leksikon, ikkje krangel. --Ekko 19:43, 7 mars 2007 (CET)

Ein ting er om Aylar Lie er kjend nok. Men kvifor treng me ei lista over pornofilmar i denne artikkelen..? Dersom ho er vorten kjend nok til å vera omtalt i eit leksikon så er det vel ikkje pornoen som har "æra" for det? --Tannkrem 17:47, 2 januar 2008 (CET)

Totalt utan leksikalsk verdi. Altså litt dårlegare enn resten av artikkelen, som berre er utan leksikalsk verdi. --Ekko 18:20, 2 januar 2008 (CET)
Men kanskje ikkje heilt utan verdi for dei som marknadsfører pornofilmar?
Sjølv såg eg helst at dei brukte andre marknadsføringskanaler enn denne. --Knut 18:35, 2 januar 2008 (CET)

Etter å ha tenkt meg litt om har eg kome fram til at eg er samd med Ekko. Denne artikkelen har ingenting i eit leksikon å gjera. Ho har vore på TV, gjeve ut ein singel og driv eit bittelite firma. Det skal jo liksom vera eit leksikon me skriv, og viss me skriv artiklar om alskens uviktige kjendisar så lurer me faktisk leksikonbrukarane våre til å tru at dei er viktige personar i samfunnet. For det er faktisk viktige folk ein forventar å finna i eit leksikon. --Tannkrem 12:58, 3 januar 2008 (CET)