Diskusjon:Ban Ki-moon

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fins det offisielle norske retningslinjer for transkribering av koreansk? Kan nokon i så fall finna referansar til dei, og skriva dei her? Og hvis ikkje, kan nokon forklara kvifor denne sida står på Ban Gimun, og ikkje Ban Ki-Moon, som dei brukar i media? --Barend 20:03, 14 desember 2006 (CET)

Eg må støtte meg til Brukar:Barend i dette tilfellet altså. --Cato 20:05, 14 desember 2006 (CET)

Sjå her: Wikipedia:Samfunnshuset#Koreanske_namn. --KRISTAGAα-ω 20:11, 14 desember 2006 (CET)
Endringane eg gjorde i namnet var i tråd med slik det skal vere, Cato. Eg endra til den offisielle skrivemåten. Det er sjeldan ein kan stole på media når det gjeld norske skrivemåtar av utanlandske namn. --EIRIK\diskusjon 21:13, 14 desember 2006 (CET)
Det står i retningslinene for reforma at dei ikkje skal fortrenga innarbeidde transkripsjonar av namn («Proper names such as personal names and those of companies may continue to be written as they have been previously.»[1]). Ban Ki-moon har truleg transkribert namnet sitt før 2000. I dette tilfellet trur eg me kan gjera som nyheitskjeldene og dei andre wikipediene og bruka namnet han er kjend under. --Ranveig 21:49, 14 desember 2006 (CET)
Dette er greitt for meg, men eg føler det etter kvart kan verte veldig rotete dersom vi ikkje har bestemt oss for ein fast måte å gjere dette på. --EIRIK\diskusjon 22:03, 14 desember 2006 (CET)

Offisiell skrivemåte finner man på FN sine nettsider: http://www.un.org/apps/news/infocusRel.asp?infocusID=122&Body=Ban+Ki-moon&Body1=

==Har nett lagt inn ein god del meir i artiklen. Det er meir eller mindre rein omsetjing av den engelske artiklen, og somme organisasjonar o.l. kan eg ikkje dei norske namna på. Fint om nokon kunne hjelpe til med å rette på slikt.Kva er forresten haldninga til omsette artiklar?--Edaindirith 09:43, 19 februar 2007 (CET)