Diskusjon:Betong

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2007.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2007

Tanken er å omsetta artikkelen frå nb:, og deretter fylle ut litt meire. Eg ser det blir mykje anbeheitingar, eg tek med glede i mot bistand. Finst det nynorske fagtermar for fasthet og bestandighet? --Ekko 18:23, 15 september 2006 (UTC)

Fastleik og haldbarheit står i ordlista, det siste kling ikkje bra. Roarjo 17:32, 18 september 2006 (UTC)
Kva med slitestyrke? Passar kanskje ikkje i alle samanhengar, men kan vera eit godt alternativ til bestandighet.
Har du tenkt å setja om resten av artikkelen, Ekko, eller er det fritt fram for å overkøyra deg? --Tannkrem 13:27, 21 januar 2007 (CET)
Køyr i veg du! Det einaste eg verkeleg har lyst til er å ta ein ny tur ned på sementmuseet og få skrivi litt meire om historia bak betong. Men det kan eg gjera uavhengig av kva som skjer med artikkelen no. --Ekko 14:12, 21 januar 2007 (CET)
Bra, me treng ein god teknologiartikkel, me har jo ingenting i den kategorien enno.
Finnest det verkeleg eit sementmuseum?? Me manglar forresten ein mørtel-artikkel, så det er nok å ta tak i for ein sement-entusiast. --Tannkrem 22:06, 21 januar 2007 (CET)
Kor er almendanninga?!? Sementmuseet ligg sjølvsagt på Slemmestad. --Ekko 10:38, 22 januar 2007 (CET)
Bra det finns folk som faktisk er semententusiastar. Knegg. Eg jobba ein gong i FBI. Betre kjend som Fitjar Betongindustri. Men eg vil ikkje kalle meg semententusiast av den grunn. Det var hardt arbeid. --Frokor 22:21, 21 januar 2007 (CET)

No er eg stort sett ferdig med omsetjinga. Men originalartikkelen inneheld mange diffuse setningar og lite konkrete formuleringar. Nokre av desse setningane inneheld ord som eg ikkje har sett om, av di eg ikkje er sikker på kva setningane seier. Andre stader er det setningar som burde ha vore skrivne om, dette har eg ikkje gjort av frykt for å skriva noko som er gale. Men om nokon føler seg kalla til å gå gjennom alle kjeldene for å finna den rette tydinga av diffuse setningar, så er det jo fritt fram. :-) --Tannkrem 15:00, 23 mars 2007 (CET)

Framifrå arbeide! Skal prøve å få gjort noko i helga. --Ekko 17:45, 23 mars 2007 (CET)