Diskusjon:Blome

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva bør artikkelen innehalde?[endre wikiteksten]

Den første versjonen av denne sida er kanskje humoristisk meint? I alle fall, eg likte definisjonen svært godt, den einaste feilen med han er at han er ufullstendig. Ein god strategi for denne og tilsvarande artiklar er etter mitt syn:

  1. Kva tyding ordet har i daglegspråket
  2. Kva tyding ordet har i botanikken

Trondtr 18. jun 2005 kl. 2129 (UTC).

Kva bør artikkelen heite?[endre wikiteksten]

Det finst mange mulegheiter her: «blomster» (m.), «blom» (m.) og «blome» (m.) i eintal og «blomstrar» og «blomar» i fleirtal. Det er truleg ein god idé å ha namnet i eintal. Men eg er litt i tvil om «blom» er den beste forma. «Blome» og «blomster» er begge rimeleg eintydige ord, mens «blom» kan tyde anten ‘blome’/‘blomster’ eller ‘bregne’. Eg trur dermed at artikkelen om blomster/blomar bør liggje på anten «blomster» eller «blome», med omdirigering frå den alternative forma. «Blom» trur eg bør vera ei fleirtydingsside med tilvising til blome/blomster på eine sida og «bregne» på andre sida. Kva synest de andre? -- Olve 20. jun 2005 kl. 0518 (UTC)

Det er i orden for meg, eg tenkte bare det ville vera lettare å laga peikarar til blom same om ein skriv blomar, blomstrar eller kva. (Slik: [[blom]]ar). Men desse kan ein jo enkelt laga omdirigering frå. Sidan eg seier «blom» til vanleg, støtter eg flytting til blome! -- Ranveig 20. jun 2005 kl. 1816 (UTC)