Diskusjon:Brussel

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…

Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 24. august 2008 kl. 20:03 (CEST)[svar]

[daud lenkje]

rot i lenkene til andre språk[endre wikiteksten]

Det finst ikkje noka lenka til nederlansk her, men den nederlandske artikelen viser berre til #Region her på nynorsk wiki. Kanskje fordi NL wiki har forskjellige artiklar om 'regionen' og 'byen'/kommunen (utan lenka til Nyn).

Skulle vore betre med ei lenka til NL wikipedia òg, men ei tvideling mellom kommunen og "fylket" sånnåsei på NL wiki, og ei altomfattande her på Nyn gjer det kanhende vanskelig. Lure løysingar nokon? Diederik 20. juni 2011 kl. 13:05 (CEST)[svar]

Det enklaste er nok faktisk å ha to artiklar, ein om byen og ein om regionen. --Ranveig 20. juni 2011 kl. 13:26 (CEST)[svar]

Elles er bolken 'språk' ikkje heilt riktig, endå om fransktalande gjerne vil framstille det slik. Ikkje 85%-90% har fransk som morsmål. Det er sant at nederlandsktalande utgjer ikkje meir enn 10-15%, men det er gale å tolke dette som "85% er fransk". Ein så internasjonal by som Brussel (EU, NATO, osv) har mykje meir enn berre fransktalande og nederlandsktalande.

Kanskje 40-45% har faktisk fransk som morsmål (viss eg hugsar rett). nesten 50% har ingen av delane, men arabisk, engelsk, osv som morsmål. Desse føretrekker oftast fransk (føre nederlandsk) for det er eit betre kjent internasjonalt språk; og derfor blir dei kasta på "fransk-haugen" i statistikkane.

Det finst betre statistikk og meir forsking om dette, men ikkje på norsk sjølvsagt. Går det an å skrive kjelder i lista som er i eit språk sannsynligvis ingen nordmann kan? Må finne fram dokumenta att og då kan eg sette i gang med det Diederik 20. juni 2011 kl. 13:12 (CEST)[svar]

Ja, du kan bruka framandspråklege kjelder. Det er forbausande kor mange språk folk meistrer. I tillegg finst jo automatiske omsetjingstenester som i det minste kan gje ein peikepinn om kva tekstar handlar om. --Ranveig 20. juni 2011 kl. 13:26 (CEST)[svar]
Det vart litt rotot med dei mange tospråklige familjane å komme med prosenttal, så eg stal eit bilde frå annan wiki basert på førnemnt undersøk. Trur dette blir tydeligast.