Diskusjon:Byllepest

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ettersom byllepest berre er ein måte Yersinia pestis visar seg fram på bør bylle- og lungepest skrivast saman til ein artikkel. Kan hende bør det vera artikkelen pest. --Ekko 26. oktober 2008 kl. 20:04 (CET)[svar]

Samskriving treng ikkje vere nokon vinning. Det gjer artiklane lenger, og dei som er interesserte i dei ulike pestformane kan like gjerne gå til dei tre støtteartiklane. Det finst vel fleire døme på at einbakterie eller eitt virus kan gje ulike sjukdommar (var det ikkje noko med helveteseld og vasskoppar?) - Knut 26. oktober 2008 kl. 21:04 (CET)[svar]

Lunden sine tal på letalitet stemmer ikkje med moderne tal, Michael B Prentice and Lila Rahalison, “Plague,” Lancet 369 (2007): 1196-207. Er det historiske tal mellom ubehandla han referer til? I tilfelle må ein vel gjere merksam på dette. --Ekko 6. desember 2008 kl. 22:37 (CET)[svar]

Det går ikkje klart fram kor Lunden har henta dette talet. Men det må vere pesten sin verknad i seinmellomalderen han siktar til. Elles forstår eg det slik at det blant forskarar er mange ulike forklaringar på korleis svartedauden kunne få så dramatiske følgjer, nokre (iflg. Samuel Cohn 2000: The epidemiology of the Black Death of 1348 ...., lesen av Lunden) meiner tilogmed at det ikkje var pest idet heile. Det siste synet har likevel ikkje hatt gjennomslag. -- Eg presiserte at tala må gjelde mellomalderen. -Knut 7. desember 2008 kl. 09:59 (CET)[svar]
Eg fann ei kjelde i dag tidleg, på Folkehelsa. Dei gjev det same talet for ubehandla byllepest no. --Ekko 7. desember 2008 kl. 12:30 (CET)[svar]

Sjå korleis artikkelen pest ser ut no, sikker på at me ikkje skal slå dei saman? Ser du på dei engelske artiklane ser du at det også der er mykje overlapp? --Ekko 11. januar 2009 kl. 18:58 (CET)[svar]

Eg har sett at pestartikkelen har komme seg monaleg, og han inneheld kanskje all viktig info om undergruppene av pest. For den del kan du gjerne slå dei saman. Men sjølv om vi har éin god og utdjupande artikkel om eit emne, kan det vere greitt med småartiklar som forklarer underemne, sjølv om desse er omtalte i den lange artikkelen. Av omsyn til iw-lenkjer eller av omsyn til dei spørsmåla det er sannsynleg at folk raskt vil finne svar på. Men om dette er situasjonen her, er du som hovudforfattar den beste til å vurdere. Samskrivinga har vore ei vinning - eg ville kanskje ha strømlineforma småartiklane og laga lenkjer til pest, men om du istaden vel å lage tre omdirigeringar, skal ikkje eg protestere på det. --Knut 11. januar 2009 kl. 21:33 (CET)[svar]
Ved nærare ettertanke så skal eg sjå på strukturen på tysk og engelsk. Du har heilt rett i omsynet til iw-lenkjene. --Ekko 11. januar 2009 kl. 22:14 (CET)[svar]