Diskusjon:Chandra-teleskopet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tittelen[endre wikiteksten]

Eg føreslår å flytte artikkelen frå Chandra-teleskopet til Romteleskopet Chandra, etter modell av Planeten Venus, Romferja Columbia og Romteleskopet Hubble.
Verdlanco\ordskifte 5. januar 2010 kl. 22:32 (CET)[svar]

Her er det snakk om oppslagsord og ikkje berrre artikkeltittel. Eg trur det er vanlegast på norsk å slengja på «-teleskopet» etter førenamnet til teleskopet. Eg meiner at det er Romteleskopet Hubble som burde verta flytta til Hubble-teleskopet sidan den siste forma ser ut til å vera den mest vanlege på norsk. Sjå gjerne på eit par Google-søk. Personleg føretrekkjer eg òg Chandra-teleskopet og Hubble-teleskopet. --Harald Khan Ճ 6. januar 2010 kl. 15:08 (CET)[svar]
Einig i at me bør bruka dei nemningane som er mest utbreidd. --Ranveig 6. januar 2010 kl. 15:25 (CET)[svar]
Eg hadde visst gale innstillingar; får fleire treff på Romteleskopet Hubble enn Hubble-teleskopet. Legg ein til Hubbleteleskopet vert det do noko tettare. --Harald Khan Ճ 6. januar 2010 kl. 15:51 (CET)[svar]
Eg vil ikkje la talet på google-treff diktere nynorsk Wikipedia sine tittelutformingar, men eg er samd i at det gjev ein peikepinn på utbreiinga av ulike ord, i det minste på websider.
Dei google-søka Harald dreg fram, syner at Romteleskopet Hubble har 7 310 treff, Hubble-teleskopet (som inkluderer særskrivinga "Hubble teleskopet") 2 950 treff og Hubbleteleskopet 1 170 treff. (Det er òg 299 treff på Hubble-observatoriet.)
Tilsvarande tal for "Romteleskopet Chandra / Chandra-teleskopet / Chandrateleskopet" er (per 07.01.2010) 399/243/3. (Chandra-observatoriet har 104 treff, og Røntgenteleskopet Chandra 97.)
Google-statistikken taler altså ikkje til fordel for Harald sitt framlegg, men til ein viss grad for mitt.
Og med mindre du har tenkt å skrive ut heile Wikipedia på papir, må det vel vere revnande likegyldig om sjølve oppslagsordet kjem først, sist, eller midt i artikkeltittelen (når det ikkje kan stå åleine). Wikipedia er ikkje ordna alfabetisk, og artikkellistane i kategoriane kan vi sortere slik vi ønskjer.
Verdlanco\ordskifte 7. januar 2010 kl. 23:44 (CET)[svar]