Diskusjon:Dei britiske øyane

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Etter at Irland, med unnatak av nokre av dei nordlegaste provinsane, i 1922 reiv seg laus frå Britisk okkupasjon er det ikkje heilt problemfritt å inkludere Irland i nemninga «Dei britiske øyane». Mange irar finn dette sterkt provoserande. Mange nordmenn ville vel heller ikkje lika at Noreg vart omtala som ein dansk, eller svensk, provins... Sigmundg, 1/4-2006.

Vel, dette er jo eit ormebol, men: Dei britiske øyane er eit geografisk begrep, og vert stort sett brukt om den øygruppa som omfattar dei to store øyane Storbritannia og Irland vest for nord-Europa. Å ta med Irland antydar ingenting som helst om politiske synspunkt. Å inkludera Irland i nemninga "det sameinte kongeriket", eller å kalla det "Vest-England" ville derimot vera misvisande. (Barend 1. april 2006 kl. 17:48 (UTC))


It might be a very good idea to mention in the article that the term "British Isles" is rarely if ever used in Ireland due to its political connotations. In fact, it is very widely rejected. Any of you with Irish friends should be able to confirm this. For a general idea of Irish attitudes, have a look at the talk page of the English language article where a very long debate continues between Irish and British wikipedians: http://en.wikipedia.org/wiki/Talk:British_Isles All the best. 193.1.172.149 21. juli 2006 kl. 04:31 (UTC)

Eg er ikkje samd med Barend i denne saka. Den anonyme brukaren, derimot, har heilt rett. Å referere til Eire som ei «britisk øy» seier etter mi oppfattning svært mykje om den politiske ståstaden til skribenten. Heile Eire var i lang tod under britisk okkupasjon og den nordlege luten er det framleis. Etter mi meining er det eit hån mot irane å kalla øya deira britisk. Vi ville vel heller ikkje lika at andre kalla Trondgeim for Drontheim. Eg tykkjer dette er ei viktig sak som bør drøftast. --Sigmundg 17:27, 15 februar 2008 (CET)
Eg støttar Barend her. Kva er namnet på øygruppa då? SNL og Caplex skriv at Dei britiske øyane omfattar øya Storbritannia, øya Irland, Shetland, Orknøyane osv. Dei høyrer geografisk til same øygruppe. Namnet på denne øygruppa er Dei britiske øyane og Irland er geografisk med i denne øygruppa. Det har ikkje (lenger) noko med politikk og gjer. Det er ikkje vår oppgåve å kome opp med nye namn i alle fall. Ein har liknande problemstilling på Balkanhalvøya, der enkelte land ikkje vil omtalast som eit Balkanland på grunn av negative konnotasjonar, sjølv om dei geografisk høyrer til dette området. Noreg kan ikkje melde seg ut av Skandinavia heller (om det av ei eller anna årsak hadde vore ønske om det). Eg veit det ikkje er heilt det same, men poenget er at Noreg høyrer til Skandinavia uansett om ein vil eller ikkje. Og Irland høyrer til Dei britiske øyane, som av historiske årsaker framleis er namnet på øygruppa.
Eg syns heller me kan skrive om problemstillinga og at irane ikkje tykkjer om namnet (med kjelder sjølvsagt). --Frokor 18:14, 15 februar 2008 (CET)
Eg er òg samd med Barend, utan at eg har sett meg nøye inn i saka. Eg ser slik på det, banalt formulert: Det geografiske området dei britiske øyane er framleis det same området, sjølv om England gjennom okkupasjonen av naboane Wales, Skottland og Nord-Irland har endra innhaldet i omgrepet britisk og gjort at irane ikkje lenger ser seg sjølv som britar.
Kjelder for definisjonen i vår artikkel er t.d. desse leksikona: [1] og [2].
Og SNL og Språkrådet. --Frokor 18:47, 15 februar 2008 (CET)
Det er rett at namnet er sværty gamalt; ja mykje eldre enn Storbritania. Men den britiske okkupasjonen av Eire var svært brutal, noko som har ført til at omgrepet i dag må reknast som "politisk ukorrekt". I Eire, og til dels i Storbritania, er omgrepet "The British Isles", i langt større grad enn ellers i Europa, controverselt [1] og fleire og fleire politikarar unngår å nytta det [2]. Grunnen er sjølvsagt at irar finn det provoserande.
Det som har skjedd med "dei britiske øyane" er mykje av det same som det som har skjedd med den gamle norøne måten å helsa på med ei utstakt hand; etter at nasistane gjorde helsing til si eiga vart det uakseptabelt å nytta den. Med unnatak av nokre få nynazistar ville ingen finna på å helsa med "hitlerhelsing" i dag. Det ville i alle høve vekkja harme hjå dei fleste europearar. At ein i Noreg framleis nyttar "dei britiske øyane" har truleg samanheng med at liingane til irane ikkje er særleg godt kjendte her i landet. Vi har for det meste fått servert den britiske versjonen.
Eg meiner at dei som skriv leksikon har eit ansvar for å vera lydhøre for at ord og omgrep skiftar meining, eller (som i dette tilfellet) skiftar frå ei nøytral tying til ei (for irar) fornærming. At Språkrådet av og til heng etter bør ikkje vera noke unnskulding for å halda fram som før. Ein ser no byrginga på at namnet vert fjerna frå nye leksikon [3].
Eg gjer framlegg om at artkkelen vert flytta til eit anna namn, med omdirrigering frå "dei britiske øyane". Artikkelen bør starta med at "dei britiske øyane" ikkje vert nytta på grunn av at namnet er kontroversielt. Eg vedgår at eg ikkje veit kva artikkelen bør heita. Mange irar nyttar "Islands of the North Atlantic", så kanskje "dei nordatlantiske øyane" kan nyttast på norsk? Vonar på meir diskusjon. --Sigmundg 22:40, 15 februar 2008 (CET)
Eg veit ikkje om eg ville gått imot eit anna namn om det fanst eit alternativ. Men i dag finst det ikkje noko alternativt, innarbeidd namn på denne øygruppa. Og då har me valet mellom å bruka det namnet som finst, å lata som om Irland ikkje høyrer saman med øygruppa eller å finna på eit nytt namn på artikkelen. Og eit eventuelt nytt namn måtte i så fall verta eit oppslagsord som t.d. Øygruppa som ligg sørvest for Skandinavia og er samansett av Irland, Storbritannia og nokre mindre øyar, fordi Wikipedia ikkje kan og ikkje skal laga eit nytt namn på ei øygruppa. Det er rett og slett ikkje eit leksikon si oppgåva å namngje ting. --Tannkrem 23:23, 15 februar 2008 (CET)
Truleg har alle her rett, i det at «Dei britiske øyane» ikkje er brukeleg, men samstundes finst det ikkje noko godt alternativ. Historikaren Norman Davies skriv godt om dette i innleiinga til boka si om historia til desse øyane[4]. Han enda opp med å kalle boka The Isles. --Ekko 23:44, 15 februar 2008 (CET)
Viss eg hadde lese «dei nordatlantiske øyane» hadde eg fyrst tenkt på Island og Færøyane, før eg hadde byrja å lure på om Jan Mayen høyrde med, og så hadde eg vonaleg byrja å tenkje på Dei britiske øyane óg. Namnet «dei nordatlantiske øyane» er heilt ukjend for meg og det er ikkje sjølvforklarande.
Det er plass i artikkelen til å skrive om kva forhald irane har til omgrepet, og eg trur det er betre å utvide artikkelen enn å gje han nytt namn. --Jorunn 23:56, 15 februar 2008 (CET)
(endringskonflikt) Eg har full forståing for problemstillinga, men fram til det kjem eit alternativt, offisielt namn, så trur eg ikkje me kan gjere noko anna enn å la han ligge og skrive om problematikken i artikkelen. --Frokor 23:58, 15 februar 2008 (CET)
Jau, eg kan vera samd i at «dei nordatlantiske øyane» tykkjest vera eit låkt framlegg. Pytagoras kalla dei for "dei pretaniske øyane", men det skal vist tyda noko slikt som "øyane til det måla folket", og eg kan ikkje hugsa å ha sett korkje brittar eller irar som var måla. Men kva med "dei britisk-keltiske øyane"? --Sigmundg 15:02, 16 februar 2008 (CET)
Som eg har sagt før, me skal ikkje finna på eit nytt namn. Og forslaget ditt er ikkje i bruk i dag (0 gugeltreff både på nynorsk og bokmål), difor kan me ikkje lata som om øygruppa heiter «Dei britisk-keltiske øyane». Viss me skal ha eit nytt artikkelnamn, må det vera ei heil setning som ikkje kan misforståast til at Wikipedia har funne på eit nytt namn.
Og når det gjeld adjektivet pretaniske, har ikkje det samanheng med ordet britanniske? --Tannkrem 15:48, 16 februar 2008 (CET)

Referansar[endre wikiteksten]

  1. British Isles naming dispute, Wikipedia på engelsk.
  2. Ó Caoláin, C. og Ahern, D., Written Answers - Official Terms, Dáil Éireann, Bind 606, 28/100, 2005.
  3. Sharrock, D., New atlas lets Ireland slip shackles of Britain, Times Online, 3/10-2006.
  4. Norman Davies: The Isles, 1999 ISBN 0-333-76370-X