Diskusjon:Demokratisk sosialisme

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg skal ikkje ljuge på meg stor kunnskap i termar som vert brukte blant kommunistar, men omgrepet demokratisk sosialisme har òg vorte brukt blant stalinistar om deira form for sosialisme. Ordet demokratisk kan vere meint å understreke at sann sosialisme er sant demokratisk. Dei som grunnla Den tyske demokratiske republikken kan ha forfekta demokratisk sosialisme. Knut 16:41, 8 februar 2007 (CET)

Dei styrande i DDR meinte deira form for sosialisme var demokratisk, ja. Men dei bruka ikkje termen "demokratisk sosialisme". Dei bruka termen "den reelt eksisterande sosialismen", og meinte han per definisjon og som sosialisme var meir demokratisk enn eitkvart kapitalistisk land. Termen "demokratisk sosialisme" har først og fremst vore bruka av sosialistar i Vesten som ville markere avstand til den reelt eksisterande kommuniststyrte men akk så lite demokratiske "sosialismen" i aust. --Erling 17:42, 8 februar 2007 (CET)

Etter ein sjekk i Pax Leksikon innrømmer eg feil, eg har forveksla med omgrepet demokratisk sentralisme.Knut 18:34, 8 februar 2007 (CET)
Eg synest det trengs litt betre definisjonar her. Definisjonane Nynorsk Wikipedia no har av sosialdemokrati, venstresosialisme og demokratisk sosialisme (i tillegg til reformisme og revisjonisme, som skildrar ideologien som ligg bak) er så like at dei framstår som uttrykk for den same ideologien, så kvifor er det så mange artiklar? Etter mi meining er "demokratisk sosialisme" meir eit slagord og ein slags parole for å markera avstand til Stalin og Pol Pot, enn det er ei politisk og ideologisk retning, same kva for ideologiske bakgrunnar den einskilde sosialist måtte leggja i omgrepet. Difor er eg i tvil om me i det heile treng ein slik artikkel. Når ein opnar eit leksikon, forventar ein jo å sjå relativt klåre definisjonar, og det får ein ikkje her. Oppslagsordet er definert frå to andre oppslagsord som òg har relativt ulne definisjonar. Så eg føreslår å fletta dette inn i venstresosialisme. --Tannkrem 19:37, 15 februar 2007 (CET)
Du/vi kan gjerne foreslå betre definisjonar og utbetre artikkelen generelt, men å fjerne han som eigen artikkel synest eg for min del ikkje er ein god idé. Det finst eigne artiklar med tittel d.s. på mange språk: # Svenska # Deutsch # English # Español # Esperanto # Lietuvių # Македонски # Nederlands # 日本語 # Polski
Det skulle vel tyde på at omgrepet er internasjonalt og "ekte", og ikkje berre eit slags slagord for å markere avstand til dei mest ekstreme stalinistiske regima. Men kva tykkjer andre folk? --Erling 22:47, 15 februar 2007 (CET)
Ja, omgrepet kan vera internasjonalt. Men t.d. på sv: vert det definert som ei reformistisk retning, sv: har fletta artikkelen saman med sv:reformistisk socialism, altså omtrent det same (iallfall ideologisk sett) som sosialdemokratiet. Eg kan ikkje sjå at artiklar på andre språk automatisk er eit argument for eller mot denne artikkelen, så lenge dei andre artiklane definerer omgrepet annleis. Også en:-artikkelen ser ut til å definera dette som ei reformistisk retning. Og det er ikkje i tråd med RV, RU (SV?) og SU sin bruk av omgrepet på norsk. --Tannkrem 23:55, 15 februar 2007 (CET)
Frå artikkelen d. s. på engelsk wikipedia: "The terms democratic socialism and social democracy have often been used interchangeably, and many have considered them synonymous until recently. Now the term social democracy refers to an ideology that is more centrist and supports a broadly capitalist system, with some social reforms (such as the welfare state), intended to make it more equitable and humane. Democratic socialism implies an ideology that is more left wing and supportive of a fully socialist system, established either by gradually reforming capitalism from within, or by some form of revolutionary transformation." --Erling 19:38, 16 februar 2007 (CET)
Eg trur det beste er at vi held på artikkelen. Dei demokratiske sosialistane i partiet Demokratiske sosialistar - AIK var vel ikkje venstresosialistar? Det er god plass på venstresida, og god plass på wikipedia.Knut 16:58, 18 februar 2007 (CET)
OK, bøyer meg for fleirtalet. --Tannkrem 21:58, 18 februar 2007 (CET)

Den nye versjonen legg etter mi meining omgrepet enno tettare opp mot det opphavlege sosialdemokratiet, med setninga «alle forsøk på å få til sosialisme ved fredelege demokratiske middel i motsetning til valdeleg opprør». Om ein med fredelege demokratiske middel meiner parlamentarisk kamp, er eg usamd i denne framstillinga. Eg minner då om at også dei revolusjonære organisasjonan Raud Ungdom og Sosialistisk Ungdom har brukt dette omgrepet iallfall sidan slutten av 90-talet.
Dei fleste, om ikkje alle sosialistar er for at økonomien skal styrast demokratisk. Slik sett er dei tidlegare regima avvik frå det som eigentleg var planen til dei som laga revolusjonane og tok makta frå dei gamle herskarane. Så skiljet går vel ikkje mellom dei som er for eller mot revolusjon, men heller mellom dei som vil at arbeidarklassen skal herska (proletariatets diktatur eller arbeidarklassen sitt demokrati) og dei som er noko meir diffuse, og meiner «demokratiet» i ei vidare tyding skal herska. Korleis dette demokratiet skal fungera, kan liggja tett opp til måten det borgarlege demokratiet fungerer på i dag, eller det kan vera eit meir deltakande demokrati, direkte demokrati eller andre former. No nærmar eg meg det som kallast original forsking, og difor kan eg ikkje skriva dette i artikkelen. Eg meiner som sagt at «demokratisk sosialisme» ikkje er stort meir enn ei frasa (fin frasa, for all del, eg brukar ho gjerne sjølv når eg skal forklara at eg ikkje er stalinist sjølv om eg er kommunist), og ikkje så mykje ei politisk retning. Så eg overlet til dei som meiner dette er ei reell politisk retning å definera kva som særmerkjer denne retninga i høve til andre retningar som liknar. Den første setninga (... «nemning som særleg er bruka av sosialistar som vil understreke avstandstaking frå den totalitære tradisjonen i kommunismen» ...) i artikkelen er eg samd i, men dei fleste artiklar som lenkjer hit framstiller omgrepet som ei retning innan sosialismen, og resten av artikkelen gjer det same. --Tannkrem 20:45, 18 februar 2008 (CET)

Nettopp på grunn av det problemet Tannkrem nemner, var eg varsam (uklår) med definisjonen i den opphavlege versjonen. Både sosialdemokratar og meir radikale jamvel revolusjonære sosialistar har bruka nemninga. Fomuleringane i den nye versjonen er henta direkte frå den engelske artikkelen. Det gjeld t d setninga Tannkrem reagerer på, som langt på veg jamstiller dem sos med reformisme. Det skal ikkje vere enkelt.--Erling 21:08, 18 februar 2008 (CET)
Formuleringa er endra. --Erling 21:37, 18 februar 2008 (CET)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…

BepBot 24. august 2008 kl. 21:07 (CEST)[svar]

[daud lenkje]