Diskusjon:Den Norske Nobelkomite

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva heiter komiteen på nynorsk?[endre wikiteksten]

«Den Norske Nobelkomite» er omsett til andre språk på deira eigne sider og på andre Wikipedia-prosjekt. Då bør vel me òg bruka eit namn som er rett nynorsk, som Den norske nobelkomiteen? --Ranveig 10. oktober 2009 kl. 20:53 (CEST)[svar]

Merkeleg at eit stortingsoppnemnt organ ikkje følgjer norsk rettskriving. Men artikkelen er vel eigentleg korrekt slik han står: Det offisielle namnet, som er feil både på bokmål og nynorsk (stor N i Norsk) er oppslagsord, men daglegnamnet er Nobelkomiteen. Eit namn som også vert bruka av komiteen sjølv på heimesida, og av mållaget i omtale av Mjøs. --Knut 10. oktober 2009 kl. 21:38 (CEST)[svar]
Eg var merksam på problemet då eg laga artikkelen, og sjekka nettsida til komiteen, som skriv namnet slik - som ikkje er rett verken på bokmål eller nynorsk. Eg valde etter å ha tenkt litt, å bruke det som dei sjølve brukar som offisielt namn på norsk som artikkelnamn. Og hadde tenkt å få laga omdirigeringar etter kvart. --Egil Arne 10. oktober 2009 kl. 21:44 (CEST)[svar]
Og sjølv bruker dei «Den norske Nobelkomite» i eigenomtalen på sida si. Hmm. Jammen godt dei ikkje deler ut pris i litteratur!--Ranveig 10. oktober 2009 kl. 21:49 (CEST)[svar]
Ole D. Mjøs, ein god nynorskbrukar, skreiv òg med innlagt skrivefeil i namnet når han talte, ser vi her -og her og der. --Knut 10. oktober 2009 kl. 21:52 (CEST)[svar]
Ranveig: Eg såg eigenomtalen med «Den norske Nobelkomite» også - - . Men eit namn skal barnet ha - - . --Egil Arne 10. oktober 2009 kl. 22:07 (CEST)[svar]